Mat ikkje naudsynt?

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Legar og ekspertar skjønar ingenting av ein indisk mann som hevdar å ikkje ha ete eller drukke noko i 70 år –  men framleis har perfekt helse.

Eit team av forskarar og leger i Sterling Hospital, i den vestlege indiske byen Ahmedabad, studerte påstandane Prahlad Jani, ein lokal heilag mann som er over 80 år gammal, kjem med.

Han hevdar å ha vorte velsigna av ei gudinne då han var åtte år gammal, noko som har gjeve han evna til å overleve utan næring, og at han får energi gjennom meditasjon.

Dei fleste kan leve utan mat i fleire veker, sidan kroppen kan fø på sitt feitt- og proteinlager. Men det gjennomsnittlege mennesket kan berre overleve tre til fire dagar utan vatn.

Prahlad Jani var fjorten dagar på eit sjukehus i delstaten Gujarat under konstant overvaking frå eit team på 30 lækjarar utstyrt med kamera og lukka TV-overvaking.

I perioden han verken drakk eller åt, og gjekk ikkje på toalettet.

– Vi veit enno ikkje korleis han overlever, fortalde nevrolog Sudhir Shah reportarar etter forsøket.

Den langhåra og skjeggete mannen vart forsegla i eit sjukehus i byen Ahmedabad i ein studie initiert av Indias Defence Research and Development Organisation (DRDO), staten sitt militære forskingsinstitutt.

DRDO håpa at funna kunne hjelpe soldatar, hjelpe astronautar eller til og med redde livet til menneske fanga i naturkatastrofar med å overleve utan mat og drikke

– Den einaste kontakten hans med noko form for væske var under gurgling og bading i perioden, sa G. Ilavazahagan, direktør for Indias Defence Institute of Physiology og Allied Science (DIPAS).

Jani har sidan vendt attende til landsbyen sin nær Ambaji i Nord- Gujarat, der han gjenopptok rutinen sin av yoga og meditasjon. Han seier at han vart velsigna av ein gudinne i ung alder, noko som gav han spesielle krefter.

I løpet av 15-dagars observasjon skanna legene av organa hans, hjerne og blodkar, og testa hjartet, lunger og minnekapasitet.

Jani vart undersøkt av indiske forskarar både i 2003 og 2010.

Utanlandske forskarar har bede om å få undersøke mannen nærare, og Jani har vore positiv til slike forslag.

Sjå innslag på al-Jazeera om mannen her: