Maria karateinstruktør

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Familien flytta frå Bergen til Rubbestadneset då ho var tre år gammal. Maria byrja med karate i Bømlo Shotokan Karateklubb for fire år sidan, og sidan har ho henta heim mange medaljar i ulike valørar frå konkurransar ho har vore med i. Til no har ho faktisk berre vore med i ein konkurranse der ho ikkje har vunne minst ein medalje.

Bronse i NM
Nyleg var det NM i Fyllingsdalen. Maria fortel at ho deltok i både kata og kumite. Ho fekk bronsemedalje i kumite i klasse J13-14 3-1 Kyu. Ein NM-medalje er veldig kjekt å ha med seg. Det var sju utøvarar i hennar klasse. Under ein cup på Sotra var det heile 49 deltakarar i hennar klasse. Her vann ho gull i kumite. Ho tykkjer det er morosamt å konkurrere.

– Det er veldig kjekt å delta i konkurransar og treffe andre frå heile Vestlandet og heile Noreg.

Det er gøy på trening! Med på biletet er: Maria Melvold Fredriksen, Raymond Gjerde, Magnus Folgerø Gjerde, Olav Farestveit og Gaute Farestveit.

Instruktør
Det er tre grader av brunt belte før man får svart belte. Maria har brunt belte av første graden. Ho seier ho no vil halde fram og ta andre graden. Det er litt usikkert kva tid ho får denne, men ho håper det kan bli ein gong i løpet av hausten i år.

Denne måndagen i påskeveka er ho instruktør for nokre av nybyrjarane i karateklubben. Ho byrja som instruktør i fjor haust.

– No trenar eg dei nye kvar tredje veke, og av og til elles også når dei andre instruktørane ikkje kan.

– Korleis tykkjer du det er å vera instruktør?

– Det er veldig gøy! Det er litt vanskeleg også, men gøy, seier ho med eit smil.

Oppvarming og uttøying er unnagjort. No kan treninga ta til for alvor. Med på biletet er: Maria Melvold Fredriksen, Raymond Gjerde, Magnus Folgerø Gjerde, Olav Farestveit og Gaute Farestveit.

Sosialt og kjekt
Maria stortrivst med å halde på med karate. Dette er noko ho ønskjer å halde fram med.

– Kva er det kjekkaste med å halde på med karate?

– Det er å få mange nye vener og høve til å reise rundt på stemne og konkurransar. Det er gøy å vera med på store stemne med instruktørar frå heile Noreg, Japan og andre land. I 2014 var eg med på eit stemne på Stord der det var over 700 deltakarar med, fortel ho.

Trenar saman
Det fine med karate er at foreldre og barn kan trene saman. Denne måndagskvelden i påskeveka var det ikkje så mange som møtte til trening, men Raymond Gjerde og Olav Farestveit kom saman med åtteåringane Magnus Folgerø Gjerde og Gaute Farestveit. Etter oppvarming og uttøying kunne Maria Melvold Fredriksen leie dei fire igjennom trening på fleire ulike teknikkar.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!

Maria Melvold Fredriksen (14) leiar karatetreninga i gymsalen på Rubbestadneset skule. Alle foto: Håvard Hammarstrøm.