Mannen til Theresa May «stal showet», og fekk kvinnebehandling

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Førstemannen» stal showet

Onsdag tok Theresa May over som statsminister i Storbritannia, etter at David Cameron trakk seg etter folkeavstemminga om Brexit. Då ho offisielt fekk tittelen og flytta inn i 10 Downing Street, der statsministeren alltid bur, gjekk ho saman med ektemannen Philip May.

Avisa Metro nytta sjansen til å vera artige, og skreiv ein overdriven artikkel om motevalet til den nye britiske «førstemannen» – på same måte som mange aviser ville skrive om kona til ein ny, mannleg statsminister.

Kven er eigentleg Theresa May? Den nye statsministeren i sju punkt.

Metro skildrar den marineblå dressen slik:

– Ei jakke med ein enkel knapp festa ved livet viste fram den fantastiske figuren, og eit lyseblått slips fekk fram augefargen.

Dressen har også fått merksemd i sosiale media, der ein gjer narr av tradisjonelle kjønnsroller:

 

Les meir:

Tida etter Brexit har vore kaotisk, og toppa seg kanskje då ein av Leave-generalane, Nigel Farage i Ukip, trakk seg som leiar i partiet. Mange har angra på at dei stemte for å forlata EU i etterkant.

Britiske James K. Puchowski fryktar for miljøansvaret til EU etter Brexit. 

Etter Brexit måtte briten Ben Scyvier(28)ta til tårene: – No veit ingen kva som skjer