Mangla PokéStop – laga Pokémon-statue på to tonn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mangla PokéStop - laga statue på to tonn

– Det er ikkje enkelt å spela Pokémon Go i bygda vår. Her er i Vindenes har me ikkje noko pokéstopp, medan det er pokéstoppar på alle gatehjørne i byane. Me må gå 5-7 kilometer til dei nærmaste, forklarer Jan Vindenes, dagleg leiar i Sotra Anchor & Chain, i ein Youtube-video (sjå lenger ned!).

Han har spurt seg kvifor det er slik, og trur det kan ha noko med at det ikkje er nokre statuar eller monument i bygda på øya Sotra, like utanfor Bergen.

LES OGSÅ: Oljefondet tener milliardar på Pokémon Go-feber

– Me bestemte oss for å gjera noko for det. Me bygde vår eiga statue. Verdas første Pokémon Go-statue her i bygda.

Statuen på over to tonn, har ein pokéball på 180 centimeter i diameter oppå eit betongfundament. Heile statuen måler 3,2 meter, ifølgje lokalavisa Vestnytt, som først rapporterte om statuen.

Statsminister Erna Solberg er invitert til opninga, men det er førebels ikkje ført opp på det offisielle programmet hennar.

– No må dei gi oss ein pokéstopp snart, seier Vindenes i denne videoen:

Pokémon-stunten har ført til mange telefonar og epostar.

– Det var ein morosam idé, og mange har tatt kontakt, fortel Jan Vindenes til Framtida.no.

Han tvilar likevel på om statuen vil føra til auka sal for bedrifta.

LES OGSÅ: Vil ha Pokémon Go inn i skulen