Mange vil lære å bli viking på folkehøgskule

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange vil lære å bli viking

Det melder NRK, som skriv at tv-seriar som «Vikings» og «Game of Thrones» har vore med på å auke interessa for vikingane og deira kultur.

Elevane ved den nye – og fullsette – vikinglinja på Seljord folkehøgskule skal lære å smi vikingsverd, ro og segle vikingskip, og dei gamle byggjeteknikkane. På timeplanen står også handverk som keramikk, trearbeid, skosaum og framstilling av trekol. Dei skal også reise i fotefara til vikingane til engelske York, i si tid sentrum for vikingane under namnet Jorvik.

– Det er stor pågang og vi ser på søknadane at motivasjonen er veldig forskjellig, seier rektor Arve Husby til NRK Kultur. Han seier at nokre av elevane har fått interessa vekt gjennom fjernsynsseriane, andre ut frå eit ønske om å lære gamle handverk.

LES OGSÅ: Vikingar er superpop

Hovudlærar er danske Jeppe Nordmann Garly, som på nettsidene til skulen skildrar seg sjølv som «fritidsviking». Han vart føretrekt av dei 22 søkjarane til stillinga, etter at over 26.000 personar såg stillingsannonsen via sosiale medium.

Om tv-seriane som inspirerer dei kommande elevane hans, seier Garly at han føretrekkjer «Game of Thrones».

– «Vikings» er full av faktuelle feil, seier han til NRK. (©NPK)

LES OGSÅ: Vikingar brukte magi i krig