Mange vel vekk nynorsk på vidaregåande

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange vel vekk nynorsk

Både i Telemark, Møre og Romsdal og Hordaland er talet nynorskelevar i skolen nærast halvert i åra frå elevane går ut av grunnskulen til dei tar eksamen på vidaregåande, skriv NRK.no.

Det kjem fram av tal frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) og Statistisk sentralbyrå, presentert av tidsskriftet til Riksmålsforbundet, Ordet

– Så lenge vi har nynorskforbod i VG og Dagbladet, at 80 prosent av det som kjem frå NRK er på bokmål, og omtrent alt som er kommersielle kanalar og kinofilmar er på bokmål, blir ikkje nynorskelevar eksponert for nynorsk. Då er det naturleg at mange byter, seier leiar av Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, til NRK.no, og peiker i tillegg på at mange bygdeungdommar gjerne kjem på skular der bokmålet står sterkast når dei flyttar til større stader for å gå på vidaregåande.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Sverre Martin Gunnerud, 2. nestformann i Riksmålforbundet, meiner på si side at det er større valfridom i vidaregåande skule som gjer at mange byter ut nynorsken. (©NPK)

Kvifor trur du fleire elevar i vidaregåande skular skiftar til bokmål?