Mange står utan lærlingplass

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Møre og Romsdal er 215 søkjarar utan lærlingplass. Nedgang i den maritime næringa gjer at færre ungdomar får lærlingkontrakt i fylket, ifølgje NRK.no.

I Sogn og Fjordane står 150 elevar med to år yrkesfagleg utdanning også utan lærlingplass. Eit paradoks, meiner distriktssekretær i LO Nils P. Støyva.

– Det er eit veldig stort paradoks at næringslivet skrik etter kvalifisert arbeidskraft. Det er spådd at vi manglar svært mange når vi ser fram i tid og likevel har ein del som skal ut i lære, store problem med å skaffe seg læreplass, seier Støyva til NRK.no. Støyva har oppmoda næringslivet, organisasjonane, kommunane og fylkeskommunen om å gjere eit krafttak for å sikre elevane lærlingplass.