– Mange gjer det grunna eit moteideal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire opererer kjønnsleppene

Saka var først i Universitas, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

– Ein snakkar ikkje så mykje om utsjånaden på kjønnsorgana sine, ikkje ein gong til nære vener.

Midt på Aker Brygge sit ei 21 år gamal jente godt skjerma frå den svake februar-sola. Sjølv om fleire er ute etter sjøluft og sol denne ettermiddagen, har ho klart å halda seg ganske skjult på ein grøn benk, skjerma frå andre menneskjer.

Heilt sidan «Anne» var 11 år har ho tenkt mykje på om ho skulle gjennomføra ein kirurgisk reduksjon av kjønnsleppene sine. Ho er plaga av at dei indre kjønnsleppen heng utanfor dei ytre, og er ikkje åleine. Mange kvinner gjer slike inngrep i samband med helseplager, men fleire og fleire betalar gjerne 12 000 kroner, som operasjonen kostar, av kosmetiske grunnar. Årsaka er ofte låg sjølvkjensle, ifølgje fleire legar og kirurgar.

Sjølv om etterspurnaden har auka, er problemstillinga førebels tona ned, også i venekretsen til Anna.

Dei venninnene ho har snakka med er likevel positive til inngrepet. Nokre av dei har sjølv uttrykt at dei ønskjer kjønnsleppereduksjon.

– Eg trur det er fleire jenter enn mange trur som tenkjer på det, men som ikkje torer å innrømma det, seier Anne.

Når ho står naken i dusjen på offentlege bad føler ho seg utilpass. Ho hugsar frå då ho var yngre underlivet forandra seg drastisk på kort tid. Ho lurte på om endringane der nede skuldast at ho hadde gjort noko feil. Kjensla av å vera unormal vart ikkje mindre av at legar på ulike nettstader fortalde ho at underlivet hennar var slik det skulle vera.

– Sjølv om den første kjærasten min ikkje sa noko stygt, påpeikte han at dei indre kjønnsleppene var synlege. Det vart eg litt satt ut av.

Anne håpar at ein operasjon kan auka sjølvtilliten hennar. Ho ønskjer å kunne kle av seg utan å vera flau, både framfor kjærasten og venninner.

LES OGSÅ: Alle fitter er like fine

Eit raskt søk på nettet viser at fleire har merka seg trenden. «Supert! Nok ein ting å hata med deg sjølv», melder Sports Illustrated. Though Catalogue kallar fenomenet «jakta etter ein designvagina». Også i Noreg blir det skrive om inngrepet. Vårt land hevdar at fleire unge jenter fiksar på kjønnsorgan av estetiske årsakar. I artikkelen blir det spurt om intimkirurgi kan samanliknast med kjønnslemlesting, særleg fordi begge inngrepa blir gjort av kulturelle grunnar.

Men sjølv om det er aukande fokus på trenden, er det få som prøver å finna svaret på kvifor jenter ønskjer å operera seg nedantil.

– Eg trur mange gjer det grunna eit moteideal, og ikkje av medisinske problem, seier Therese Kristin Utgård. Ho er lege og ein del av Klara Klok-redaksjonen, eit nettforum der ungdom kan stilla spørsmål om kropp og sex.

Dei får dagleg fleire anonyme spørsmål frå jenter som lurer på om underliva deira ser normale ut, og kva slags biverknader dei kan få etter ein eventuell operasjon. Jentene som kontaktar dei er heilt nede i 15-årsalderen.

Utgård fortel at dei indre kjønnsleppene er synlege hos nesten halvparten av alle kvinner. Snittlengda er 2-3 centimeter, men det er ikkje uvanleg at dei små kjønnsleppene blir 4-5 centimeter. Ho er derfor overraska over at det er så mange som ønskjer kjønnsleppereduksjon.

– Nokre av jentene seier at kjønnsleppene er i vegen når dei sit eller syklar, men dei fleste er bekymra for utsjånaden sin, seier ho.

Utgård meiner operasjon ikkje er ei bra løysing dersom årsaka til plaga sit i hovudet. Ho tykkjer det er trist at unge jenter føler dei må operera seg.

Det er først og fremst private klinikkar som utfører kosmetiske operasjonar på kjønnslepper. Det offentlege helsevesenet dekker ikkje slike operasjonar med mindre pasienten opplever store smerter.

– Det er ikkje til å underslå at private klinikkar har ei økonomisk interesse i å sei ja til å utføra ein slik operasjon. Derfor er kanskje ikkje kirurgane heilt upåverka eller nøytrale når dei gir råd til unge kvinner om operasjon, seier Utgård.

– Dei som oppsøkjer ein lege skal ha ros for å i det heile tora å ta opp temaet. Når dei då får høyra at det ikkje er noko å bry seg om, kan det verka sårande. Foto: Henrik Evertsson.

LES OGSÅ: SU vil ha sexleiketøy på museum

Dei fleste nettstadene og bloggarane som skriv om kjønnsleppereduksjon legg skulda for den veksande trenden på pornoindustrien. Pornofilmar blir ofte kritisert for å visa glattbarberte underliv utan skilnad i kjønnsleppelengde. Bloggen Jezebel skriv om kirurgar som gjer inngrep der det ønska resultatet er ein såkalla «Barbievagina» der berre dei ytre kjønnsleppene skal vera synlege. I tillegg til porno, legg Jezebel skulda på brasiliansk voks og media. Presset på jenter blir å stort at mange føler det er heilt nødvendig å ta operasjonen, sjølv om operasjonane ofte ikkje løyser dei psykiske problema som ligg til grunn.

«Helene»er ein av dei som vart påverka. Ho var 17 då ho bestemte seg for å ta kjønnsleppereduksjon. Då hadde ho allereie vurdert inngrepet i eitt år. At ho fekk kjærast rundt same tidspunkt gjorde at prosessen gjekk raskare.

Ho reiste til fastlegen åleine. Der fekk ho først høyra at kjønnsleppene var normale og at ho ikkje fekk operera.

– Eg sa klart ifrå at dette handla om mine eigne kjensler, og eg overtydde dei om at det var dette eg ønska.

Etter operasjonen på ein offentleg klinikk var ho sengeliggande i to veker. Det var vondt å tissa og å gå. Til foreldra sa ho at ho var sjuk.

I dag, sju år seinare, er smertene gløymd. Men ho er ikkje heilt nøgd med resultatet.

– Ein kan sjå at dei har skjært. Det ser betre ut enn det gjorde før, men eg trur det kunne vore enno penare.

– Vart sjølvtilliten betre etter operasjonen?

– Ja, men det hadde den nok blitt med alderen uansett.

LES OGSÅ: – Eg kan ikkje få til absolutt alt

Midt i villastrøket på Vinderen ligg privatklinikken Aviva Helse. I resepsjonen er det stilreint, og sola skapar gjenskin i det kvite golvet. Sjukepleiarane hastar fram og tilbake. Duftelys og pianotonar over høgtalaranlegget skal sikra at pasientane held roen. Det er nesten berre kvinner.

Plastisk kirurg og generell kirurg ved Aviva, Halfdan Vier Simensen, er kledd i heilgrønt. Han er sett fleire resultat av kjønnsleppeoperasjonar som er mislukka. I løpet av den 20 år lange karrieren hans som kirurg har det vore ei generell auke i etterspurnaden etter kjønnsleppeoperasjonar. I dag gjer han i snitt to operasjonar i veka. Sjølve operasjonen tek under ein time.

– Sjølv om kjønnsleppereduksjon er eit tabulagt tema, kan det vera naudsynt for nokre kvinner å ta operasjonen. Både grunna psykiske og fysiske plager.

Mediefokuset på skjønnheit og plastisk kirurgi aukar heile tida og Simensen seier at ein må vera opne for det pasienten ønskjer. Samstundes må ein kunna sei nei om ein ikkje tykkjer ønskjet er rimeleg. Det er her den kommersielle sida kjem inn.

– I utgangspunktet lever me alle av jobbane våre. Personleg meiner eg etikken er høg innanfor kirurgien, men det finst diverre alltid unntak innan alle yrke.

Han meiner folk har blitt meir ukritiske, noko som fører til at dei oppsøkjer klinikken raskare enn før fordi dei ønskjer kjønnsleppereduksjon.

– Er det mange som kjem hit utan at det er nødvendig med eit inngrep?

– Nei. Dei fleste som kjem hit meiner eg har veldig rimeleg problematikk nedantil. Av gynekologar høyrer ein ofte at kjønnsleppene er heilt normale, fordi alt er normalt. Men det betyr ikkje at alle er like nøgde med korleis dei ser ut likevel.

LES OGSÅ: Hoppar over frukosten for sminken

Den som gjer eit inngrep som skadar kvinneleg kjønnsorgan eller påfører det varige endringar, kan straffast for kjønnslemlesting. Det er vedteke i straffelova.

Simensen har diskutert dette med både juridiske og medisinske fagfolk, og har ikkje fått inntrykk av at arbeidet han gjer kjem inn under norsk lovgjevnad.

– Lova gir høve til straffeforfølging av alle gynekologar, men dette er berre for å stoppa omskjering, ikkje plastisk kirurgi.

Han meiner det er grov mangel på kunnskap om ein meiner at reduksjon av kjønnslepper hamnar under omgrepet kjønnslemlesting.

– Eg tykkjer ei slik samanlikning er eit overtramp mot kvinner. Dei har ei høgst lovleg og sjølvstendig oppfatning av kva som plagar dei, og derfor vil dei gjera noko med det.

LES OGSÅ: – Det viktigaste ein kan gi ungdom

På Aker Brygge sit «Anne» framleis i skuffen for sola. Ho har enno ikkje bestemt seg for om ho ønskjer intimkirurgi.

Den dagen Anne går til legen, håpar ho dei seier at ho ikkje treng å gjera noko.

Ho trur legar seier ja for lett til slike som ho, og meiner terskelen burde vera høgare for å få lov til å utføra inngrepet.

– Om du har ubehag eller om det øydelegg sexlivet ditt, skal du ha moglegheita til å gjera eit slikt inngrep. Men om du har dårleg sjølvkjensle bør det vera andre ting ein kan gjera for å jobba med det. Det bør vera løysingar som får jenter til å skjønna at kjønnsleppene dei har er normale i staden for å senda dei vidare til ein kirurg.

LES OGSÅ: Desse ga mest kroppspress i 2014