Majorstuen til Festspela

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På Festspela kan du oppleve førti arrangement på fire dagar med noko for ein kvar smak, seier programansvarleg Åshild Widerøe i ei pressemelding frå Aasen-tunet.

I dag opna billettsalet samstundes med at heile programmet til Dei Nynorske Festspela 2015 vart offentleggjort.

LES OGSÅ: Saxegaard vert festspelutstillar

Festleg felespel
I tillegg til det folkekjære trønderbandet D.D.E kan publikum nyte tonar frå dei spelemannsvinnande folkemusikarane i Majorstuen. Ensemblet består av fem felemusikarar frå heile landet som i femten år har leika seg med folkemusikken, til begeistring for både publikum og kritikarar.

Fredagen framfører dei «Kvitre», eit tingingsverk som vart laga til Førde internasjonale musikkfestival i 2013.

Andre innslag er folkemusikar Kirsten Bråten Berg og jazzist Arild Andersen, som vert gjesta av Lars Bremnes på utescena .

LES OGSÅ: D.D.E på Dei nynorske festspela

Forfattarfest
Det er allereie kjent at festspeldiktar Gunnhild Øyehaug får selskap av forfattarar som Kristina Leganger Iversen, Bjørn Sortland, Lars Amund Vaage og Brit Bildøen.

Årets festspeldiktar har i år teke steget til skjermen med filmen «Kvinner i for store herreskjorter», som er basert på debutromanen «Vente, blinke». Prosessen frå bok til film vert tema for samtale med Olaug Nilssen, som skreiv romanen «Få meg på, for faen», som vart filmatisert med stor suksess i 2011.

Odd Goksøyr møter Øyehaug for å snakka om gjendikting, medan utanforskap vert tema i samtale med Marit Kaldhol.

For dei minste borna freistar festivalen med Bjørn Sortland og høgtlesing av Ingunn Røyset for dei litt eldre.

LES OGSÅ: Med spelefilm og bok om brotne draumar

Innlands-Ivar
Tradisjonen tru vert det utdeling av prisen årets nynorskbrukar, som i år er kunsthistorikar Jorunn Veiteberg. 

Forskar og kulturhistorikar Jostein Fet kjem til Festspela med eit nytt stort verk om den gløymde litteraturen og den svenske språkforskaren Tore Janson held føredrag om korleis språka utvikla seg i Europa på Ivar Aasen si tid.

– Som det einaste språkmuseet i Norden, er det viktig for oss å få inn impulsar også frå andre land når vi feirar den nynorske skriftkulturen. Ivar Aasen reiste aldri ut av landet, men han var ein høgt respektert språkforskar også langt utanfor landegrensene, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng i pressemeldinga.

Fosse-avslutning
Sist men ikkje minst skal det framførast dikt av Jon Fosse under Aasen-stemnet søndag. Skodespelar Anne Marit Jacobsen har med seg songaren Ruth Wilhelmine Meyer og pianisten Helge Lien i poesikonserten «Stein til stein».


Helge Lien, Anne Marit Jacobsen og Ruth Wilhelmine Meyer gjev liv til Jon Fosse sine dikt. Foto: Ina Strøm

Faktaboks

DEI NYNORSKE FESTSPELA

Ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda siste veka i juni

Kvart år gjestar om lag 6000 menneske festivalen

Årets tema er Tillit, og festspeldiktar er Gunnhild Øyehaug

Av 40 planlagde arrangement i 2015 er 12 gratis

Budsjettet for 2015 er på 2,1 millionar kroner

Kjelde: Aasen-tunet