Må ta opp lån for konfirmasjon

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TV2 skriv om den aukande pengebruken på konfirmasjon, no som sesongen nærmar seg. Dei syner til ei undersøking gjort av Sparebank1, som viser at ein av tenåringsforeldre er uroa for konfirmasjonen når den nærmar seg, fordi utgiftene er så høge.

LES OGSÅ: Slik sparar ho fleire tusen på konfirmasjonen

50 000 kroner eller meir
Eit budsjett laga av nettstaden Konfirmasjonsweb viser at ein konfirmasjon med 50 gjester kan kosta 50.000 kroner, når ein inkluderer mat, lokale, invitasjonar, fotografering og ein bunad. I det budsjettet er heller ikkje gåva til konfirmanten rekna med, som i mange tilfelle blir ganske omfattande.

Rekninga for ein konfirmasjon kan likevel vera enno større – dagleg leiar i Konfirmasjonsweb, Helle Mari Bratreit Dullum, seier til TV2 at budsjettet ikkje er oppdatert på lenge, og at dagens tal er høgare.

Det er rett nok rekninga for dei som vil slå på stortromma for konfirmasjonfeiringa – men det er mange som kjenner på presset til å bruka store summar på konfirmasjonsfeiringa.

Det har ført til at mange foreldre søkjer om pengar frå Nav til å finansiera festen, skriv Vårt Land. Det betyr at konfirmasjonen er på veg til ein liknande trend som russefeiringa, der mange brukar enorme summar på feiringa.

LES OGSÅ: Nedgang i talet på kyrkjelege konfirmantar