Må ha stå på-vilje

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av alle funksjonshemma mellom 15 og 66 år var kring 40 prosent i arbeid i 2013, mot kring 75 prosent i resten av folkesetnaden. Av dei 324 000 funksjonshemma utan jobb, var det kring 86 000 som svarte at dei ønskte å arbeide, ifølgje SSB.

I den ferske avhandlinga «Funksjonshemming og arbeid – om like muligheter for deltakelse», har stipendiat Janikke Solstad Vedeler ved Universitetet i Oslo sett nærare på gapet i sysselsetjing mellom personar med og utan funksjonshemmingar. Ved å intervjue personar i Noreg og USA har ho undersøkt kva som fremjar og hemjar deltaking i arbeidslivet.

Stå på-vilje og utdanning
Alle informantane i studien er født på 70- og 80-talet. Dei er dermed del av den første generasjonen som har vakse opp under den politiske målsetjinga om full samfunnsdeltaking, også i arbeidslivet, for personar med funksjonshemmingar. Vedeler fann at informantane hadde forventingar om å ta utdanning og å delta i arbeidslivet på lik linje med andre.

– Alle mine informantar er i arbeid. Eg har studert deira fortolkingar av sin eigen veg til arbeidslivet. Arbeidsgjevarar sine fortolkingar er til dømes ikkje inkludert, seier stipendiaten.

LES OGSÅ:– Funksjonshindra vert diskriminert

Blant dei viktigaste funna er at høgare utdanning gjer vegen inn i arbeidslivet enklare. Særleg kan profesjonsutdanning løfte fram arbeidssøkjarens kompetanse. Sterk arbeidsmotivasjon vert viktig når personen støter på hindringar i møte med hjelpeapparatet eller arbeidsgjevarar som stiller seg tvilande til personen si arbeidsevne. Og treig eller manglande tilrettelegging av arbeidsplassen skapar problem for deltaking i arbeidslivet. Arbeidsgjevarar med ei inkluderande tilnærming vert dermed ein viktig føresetnad for deltakinga.

I Noreg fann Vedeler tre typar forteljingar.

– Det var dei som fortalde om ein ukomplisert veg inn i arbeidslivet. Særleg gjaldt dette informantane med profesjonsutdanningar som gjorde kompetansen tydeleg, slik som legar, lærarar og journalistar. Så var det dei som fortalde om ein veg prega av hjelp og støtte. For desse har sosiale nettverk og ulike hjelpetiltak vore viktige. Og til sist var det dei som fortalde om ein veg prega av barrierar, fortel stipendiaten.

Dette er funn som støttar tidlegare forsking på området. Det nye i denne studien er dei norske erfaringane har blitt samanlikna med amerikanske informantar sine erfaringar.

– Trass i ulikskapar mellom USA og Noreg er forteljingane overraskande like, seier Vedeler.

LES OGSÅ: Etterlyser fleire støttekontaktar

Ulikt system, like erfaringar
Dei norske velferdsordningane er meir omfattande enn dei amerikanske. Norske borgarar med funksjonshemmingar har dermed eit sterkare tryggleiksnett, og fattigdomen er større blant funksjonshemma i USA. Arbeidsgjevarar har også ulikt ansvar i dei to landa. I USA er alt ansvaret for å legge til rette lagt på arbeidsgjevar. I Noreg er arbeidsgjevar pålagd å legge til rette, men ho kan søke støtte frå offentlege instansar. Vedeler fann at både arbeidstakarar i USA og i Noreg møter utfordringar med mangelfull eller treig tilrettelegging.

– I begge land har informantane behov for tilrettelegging, som fleksible arbeidstider, universell utforming av kontorlandskapet eller tekniske hjelpemiddel. Arbeidstakarar i USA vert heilt avhengige av at arbeidsgjevaren anerkjenner behova deira og yter i tråd med desse. I Noreg kan arbeidsgjevaren yte sjølv eller gjennom Hjelpemiddelsentralen, men ventetida kan ofte vere lang, fortel ho.

LES OGSÅ:Elevar med ekstra behov fell utanfor

Ein informant måtte til dømes vente i eit par månader for å få ei trådlaus mus. Ein annan på arbeidsstaden fekk hjelpemiddel umiddelbart, fordi han ikkje hadde ei funksjonshemming og dermed slapp å gå vegen om Hjelpemiddelsentralen.

– Informantar i begge land har opplevd diskriminering. Til dømes møter dei arbeidsgjevarar som er nølande, eller som ikkje forstår kva funksjonshemminga deira inneber. Men der var også forteljingar om situasjonar der kompetansen var i fokus, fortel Solstad Vedeler.

Ho peikar samstundes på at intervjua er gjort i 2006 og 2007, og at noko dermed kan ha endra seg etter at Diskrimineringslova tredde i kraft i 2009.

Like haldningar
Når ho skal forklare likskapane mellom Noreg og USA, trekkjer stipendiaten inn haldningar til personar med funksjonshemmingar. Ho meiner at mange stereotypiske oppfatningar går att både i Europa og Nord-Amerika.

– Mange har stereotypiske oppfatningar om personar med funksjonshemmingar. Ein kan til dømes anta at ein person har psykiske funksjonshemmingar, dersom han har ei fysisk funksjonshemming. Vi treng ei større forståing i samfunnet av at funksjonshemmingar først vert skapt i møtet mellom individet og omgjevnadane, seier ho.

LES OGSÅ:– Born vert redde når dei ser meg

Stereotype haldningar legg ekstra press på personar som skal ut i arbeidslivet.

– Informantane i studien er ressurssterke og går veldig aktivt til verks. Dei må sjølv setje ord på kva dei treng. Eit jobbintervju er til dømes allereie ei stor påkjenning og ein situasjon veldig få trivst i. Då krev det ekstra å gå inn i den pedagogiske rolla mange unge med funksjonshemmingar må ta på seg.

Lang veg frå politikk til møte mellom menneske
Vedeler meiner lovgjeving og velferdsordningar er viktige tiltak for å styrke deltakinga i arbeidslivet. Ho peikar likevel på at vegen er lang frå politikk og lovgjeving til møte mellom enkeltmenneske. Stipendiaten er oppteken av at samfunnet må ha ei heilskapleg tilnærming dersom gapet i sysselsetjinga skal minskast.

– Ein del forsking på deltaking i arbeidslivet har eit snevert fokus på i kva grad enkelttiltak verkar. Det er mange andre føresetnader som også må liggje til rette for at ein skal kunne delta fullt ut i arbeidslivet. For å kunne yte på jobb må ein til dømes fungere bra heime. Samanhengen mellom privat og offentleg sfære er viktig, meiner ho.

LES OGSÅ:Den ubrukte arbeidsstyrken