Løysinga på sidemålsfloken

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snart er skuledebattane over oss og våre blåaste ungdomsparti kjem til å slå mang eit slag for det dei kallar «valfritt sidemål». Eg vil i staden kome med to konkrete tiltak som fungerer og har vore vellukka: tidleg start med sidemål og sidemål i andre fag enn norsk.

Sidemål. Berre ordet kan gje bokmålselevar kaldsveitte og akutt nervøsitet. Sidemålsundervisinga for bokmålselevar er mange stadar lite tilstrekkeleg. Ofte skuldast det at mange lærarar ikkje har hatt anna opplæring i nynorsk enn den stundom mangelfulle undervisinga dei sjølve hadde på grunnskule og vidaregåande skule. Å lære vekk eit språk du ikkje meistrar sjølv kan vere frustrerande, og den frustrasjonen spreier seg lett til elevane. Slikt vert det dårlege språkhaldingar av, og dårlege haldingar til eit språk gjer det vanskelegare å lære språket.

LES OGSÅ: God i sidemål? Få gratiskonsert

Dei aller fleste lærarar er sjølvsagt gode og kompetente fagfolk som gjer sitt beste for lære elevane begge dei to norske språka. Men i eit norskfag som er fylt til randen av noko perifere emne er det ikkje støtt nok tid til det sentrale. Det kan dessutan vere krevjande å finne nye og betre undervisingsmåtar i ein hektisk lærarkvardag. Heldigvis kan norsklærarar i nynorsksnaud vende seg til Nynorsksenteret – Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Dei har mykje godt føre seg for lærarar som vil ha tips.

Ungdomspolitikarar som ikkje er på populistisk stemmefiske, men vil gjere kvardagen betre for både bokmåls- og nynorskelevar, bør merkje seg to metodar som Nynorsksenteret har forska på: Tidleg start med sidemål og sidemål i andre fag enn norsk. Tidleg start med sidemål byggjer på den enkle lærdomen at dei yngste lærer språk best. Jo yngre born er, jo meir mottakelege er dei for å lære språk – frie frå fordomar og fulle av lærelyst. Dette har vore testa ut i fleire fylke, og der syner det seg at bokmålselevar jamvel vert betre i bokmål av å starte tidleg med nynorsk.

LES OGSÅ: – Meir sidemål fungerer betre enn fritak

Sidemål i andre fag enn norsk fungerer veldig bra på ungdomsskulen, særleg fordi tiltaket senker terskelen for å spørje om hjelp. Då bokmålselevane på Holmlia ungdomsskole i Oslo hadde nynorske lærebøker i RLE, møtte dei nynorsken på ein arena der det ikkje var språket som var i sentrum. Det gjorde at elevane oftare spurde om hjelp når dei las eit ord dei ikkje kjende, eller ikkje fann nynorskordet dei leita etter når dei skreiv oppgåver i timane.

LES OGSÅ: Lektorar vil ha debatt om sidemål 

Sidemålsundervisinga er viktig, fordi ho sikrar at alle i Noreg lærer begge dei to norske språka våre. Det er gjer at alle kan forstå og bruke begge språka. Det gjev fleirtalet tilgang til mindretalet sitt språk, og mindretalet vert sikra at dei kan bruke sitt eige språk over alt. Det gjev enkelmenneske reell fridom til å skrive det språket dei vil, og gjer at det norske samfunnet tek vare denne delen av det språklege mangfaldet.

Difor er det på tide at fleire skular i fleire kommunar testar ut tidleg start og sidemål i andre fag enn norsk. Det håpar eg ungdomspolitikarar frå alle parti vil vere pådrivarar for i sine kommunar. Slik kan me saman løyse opp sidemålsfloken, og erstatte frustrasjon med kompetanse.