– Lovleg seint av Regjeringa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er kritikkverdig at regjeringa ventar til siste sjansen for å ta tak i desse utfordringane, men me er nøgde at elevane endeleg blir høyrt, seier Axel Fjeldavli, leiar i Elevorganisasjonen i ei pressemelding.

Etter press frå blant andre Elevorganisasjonen, set regjeringa av 375 millionar kroner i statsbudsjettet for å auke lærartettleiken. Fjeldavli meiner det er eit viktig grep for å sikre reell tilpassa opplæring og lærarar som har tid til elevane.

LES OGSÅ: – Varsellampene bør blinka

Likevel meiner han det er alt for mange uløyste utfordringar i skulen til at regjeringa kan seia seg nøgde med eigen innsats.

– Skulen er berre gratis på papiret, éin av tre elevar fell frå og det er skrikande behov for styrking av rådgjevartenesta, slår Fjeldavli fast.

– Regjeringa har hatt sju statsbudsjett på seg. Me fryktar dette er for lite og for seint til å løysa utfordringane, avsluttar Fjeldavli.

LES OGSÅ: Slik blir statsbudsjettet

Dette blir endringane i skulen:
Regjeringa føreslår å styrkja grunnopplæringa samla sett med drygt 480 millionar kroner.

 • undervisninga på ungdomstrinnet skal gjerast meir praktisk og variert, mellom anna gjennom betre arbeidsmåtar. I satsinga inngår 157 millionar kroner til auka lærartettleik på ungdomstrinnet som ei fireårig tilskotsordning. Prøveordninga skal brukast til å skaffe erfaring og kunnskap om effekten av auka lærarressursar og betyr 1,5 milliardar over ein fireårsperiode.

• Det skal innførast valfag på 9. trinn hausten 2013 (valfag for 8. trinn blei innført frå hausten 2012).

• Strategien for ungdomstrinnet skal styrkjast. Den inneber at det skal satsast på kompetanseutvikling i klasseleiing, lesing, skriving og rekning. Den samla løyvinga til strategien blir på om lag 80 millionar kroner i 2013.

• Prosjektet Ny GIV skal vidareførast med 185 millionar kroner. Innsatsen for å få fleire til å gjennomføre vidaregåande opplæring utgjer 500 millionar over tre år. Alle ungdomsskular og vidaregåande skular i landet vil i løpet av 2013 ha fått skulert minimum to lærarar i grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring, det vil seia om lag 3600 lærarar.

• Det skal vere éin veketime med kulturskuletilbod i skule/SFO-tida på barnetrinnet (1.–4. trinn) frå hausten 2013. Til dette blir det foreslått å løyve 73,8 millionar kroner. Tilbodet skal vere frivillig for elevane.

Gå til temasida vår for statsbudsjettet!