Lovar krisepakke til oljefylka

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa kjem i budsjettet for 2016 med fleire tiltak for å motarbeida den sterke auka i talet på arbeidslause ingeniørar i Noreg. Det sa Erna Solberg då ho møtte bedriftsleiarar, fagrørsle og ordførar på Stord laurdag.

– Me har mange tiltak i statsbudsjettet. Me har sagt at me skal laga eit statsbudsjett for arbeid, aktivitet og omstilling for framtida. Det kjem eit stort aktivitetsløft, sa ho.

– Blir pakken større enn tiltaka Arbeidarpartiet har føreslått?

– Dei tiltaka som er retta mot den situasjonen me har no, vil vera betydeleg større enn det Arbeidarpartiet skisserte i pakken sin. Ein del av tiltaka som me set i verk på grunn av konjunktursituasjonen er nok større enn Arbeidarpartiet sin pakke.

Mellom anna lovar ho ein stor pakke retta mot dei mange ingeniørane som går ledige.

Solberg lovar òg at det kjem midlar som vil bidra til langsiktig omstilling.

– Me treng litt fleire bein å stå på.

Litt seinare på dagen, i Bergen, lova statsministeren å gi 2,5 milliardar kroner til vedlikehald for å få skapa fleire jobbar til ingeniørar og andre som mista jobben i oljefylka.

LES OGSÅ:Oljenedgang gir høve for grønt ferjeløft

Opp til fylkeskommunane
På føremiddagen møtte Erna Solberg blant anna sjefen for Wärtsilä Norway på Stord, Sveinung Hansen, som for kort sidan måtte gi den tunge beskjeden om at 160 tilsette må gå. Skipsdesignselskapet til Wärtsilä sa etter sommarferien at 30 må gå.

Erna Solberg fekk klar beskjed om at Wärtsilä er klare til å ta på seg arbeid med batteriferjer.

Ein rapport frå Bellona og Siemens viser at det kan vera lønsamt å skifta ut 127 ferjer med batteri- eller hybriddrift. Fylkeskommunane etterlyser statleg koordinering og kapital for å få til eit grønt ferjeskifte. Erna Solberg seier dette:

– Det første anbodet på batteriferjer er jo allereie ute. Staten har allereie byrja dette, når sambandet Anda-Lote i Nordfjord blei lagt ut på anbod med batteri- eller lågutsleppsteknologi før sommaren. Så er det òg slik at me har løyva meir midlar til fylkeskommunane til veg. Og ferje er jo i denne samanhengen veg. Det har vore ein omstilling som gjer at fylkeskommunen òg kan laga sin strategi for dette. Og så kan me samarbeida om kva dette er, men det er altså slik at når me løyver meir pengar til fylkeskommunane, så kan dei bruka det på ferjer.

Kværner Stord-sjef Steinar Røgenes (t.v.) og Apply Leirvik-sjef Lars Solberg (t.h.) møtte Erna Solberg saman med Stord-ordførar Liv Kari Eskeland.

– Ikkje over-natta-revolusjon
Leiaren for Verkstadklubben ved Kværner Stord, Amram Hadida, uttala til Framtida.no 27. august at det grøne skiftet er eit luftslott. Han var mellom dei som møtte statsministeren på Stord, men ho er ikkje einig med han.

– Det grøne skiftet er i gang, men det kjem til å ta litt tid. Det er ikkje ein over-natta-revolusjon, seier ho til Framtida.no.

Leiar for verkstadklubben ved Kværner Stord, Amram Hadida, takka statsministeren for at dei tillitsvalte også blei invitert med i møtet på Stord.

– Eg saknar meir vilje til å gjera konkrete tiltak umiddelbart, for å sikra den kompetansen me har. Permitteringsreglane må endrast på nytt, til 52 veker, og midlar til kompetansehevingstiltak for å halda folk i arbeid. Det andre er midlar til omstilling av ferjer. Dette er ting som kan gjerast umiddelbart.

Han meiner òg det må setjast i gang vedlikehaldsarbeid offshore.

– Styresmaktene må leggja press på oljeverksemdene for å vedlikehalda og fjerna gamle installasjonar i havet. Mange plattformar er klare til opphogging, og og me har flotte høve for å gjera dette på Stord. Dette vil skapa mange arbeidsplassar fram til me er over dumpa som me er inne i no, seier Hadida.