Lovar Aasen-truse til beste nynorskbrukar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målet er å skape merksemd rundt språk og målformer på ein lystvekkjande måte, samstundes som Kartverket – som fleire andre offentlege etatar – jobbar for å bli endå flinkare til å bruke nynorsk.

Og for dei tilsette som er ekstra flinke og legg seg i selen for å bidra til dette, vankar det flotte og humoristiske premiar, fortel Sveinung Engeland, kommunikasjonsrådgjevar i Kartverket og ein av initiativtakarane bak nyvember.

– Ivar Aasen-trusa er éin av premiane. Vi har også nokre termometer med ulike dialektuttrykk for kulde og varme, i tillegg til magnetknappar med gode nynorskordtak frå Aasen og Olav H. Hauge, seier Engeland til Nynorsk pressekontor.

Gulrot
Det er tredje året på rad at Kartverket nyttar november til å fremje nynorsk, og så langt denne månaden er erfaringane gode.

– Vi er godt i gang. Vi har skapa meir merksemd om nynorsk og språk, og det er blitt meir nynorsk til dømes på Facebook og Twitter og på nettsidene våre, forklarar Engeland.

Han fortel at alle kan få hjelp og rettleiing og at det ikkje er lov å kritisere eller henge ut nynorskbrukarar som skulle kome i skade for å gjere ein skrivefeil. Og det er heller ikkje slik at alle blir tvinga til å bruke nynorsk i all skriftleg kommunikasjon.

– Svar på brev og epostar skal alltid skrivast på målforma som innsendaren nyttar. Men når det gjeld annan kommunikasjon går vi ut med ei oppfordring og brukar gulrot, ikkje pisk. Eg trur vi når lenger og oppnår meir gjennom å gjere det på den måten, i staden for å seie at «no må alle skrive alt på nynorsk».

LES OGSÅ: Er norsk eitt eller to språk?

Utfordrande
Mållova slår fast at alle skjema i staten skal vere på begge målformer, og at begge målformer skal vere representert med minst 25 prosent i rundskriv, kunngjeringar, informasjonsmateriell og på nettsider. Engeland erkjenner at dette har vore utfordrande for Kartverket.

– Vi må vel innrømme at vi har litt å gå på der. På nokre område når vi målet, men ikkje på alle. Til dømes har vi godt over 25 prosent nynorsk i dei månadlege nyheitsbreva våre, medan vi har eit godt stykke igjen på nettsidene og i stillingsannonsar. Men dette jobbar vi med, seier han og legg til:

– Det er ikkje slik at vi leggje vekk nynorsken på hylla dei andre månadane, men i november skal vi skape litt ekstra merksemd og bruke det som eit påskot for å jobbe litt ekstra med språk.

Honorerer god innsats
Førebels er det uklart kor mange av dei 8– 900 tilsette i Kartverket som kan gå juletida i møte med eit ekstra par underbukser eller eit nytt dialekttermometer.

– Vi må nok vente litt og sjå kor mange som har gjort ein ekstra innsats. Vi har oppfordra folk til å nominere kollegaer eller seg sjølve, og vi følgjer også litt med. Når slutten av nyvember nærmar seg skal vi ta ei oppteljing og sjå kor mange som fortener Aasen-trusa, humrar Engeland.

Han er uansett klar på at nyvember skal bestå.

– Ja, vi kjem til å halde fram. Vi blir litt meir nynorske for kvart år. Dette skapar litt merksemd rundt språk og målform og gjer det meir lystvekkjande å jobbe med nynorsk.

LES OGSÅ: Dei vil redde reinsdyr med offentlege data