Lothepus-feber

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Grannar. 

Laurdag er nok ein dag som mange allereie har merkt av på kalenderen, for det er ikkje «kven som helst» som har planar om å koma til etnebygda.

Leif Einar «Lothepus» Lothe (47) kjem til Old River Saloon for å skapa stemning, og etter at han gjennom Farmen Kjendis ikkje berre er blitt rikskjendis, men også heile Noregs nye ubarberte yndling, er det venta at det kan bli trongt om plassen i salongen.

 Me booka han for lenge sidan, og at han skulle gå av med sigeren i finalen på Farmen kjendis berre ei veke før han kom til oss, er ikkje anna enn ei fantastisk tilfeldigheit, seier dama med lykketreffet, Aslaug Olden Mala.

LES OGSÅ: Målungdommen rasar mot TV 2 for teksting av «Lothepus»

Fram til no er det Kurt Nilsen som har publikumsrekorden på Saloonen, då han trekte 800 personar innomhus for nokre år sidan. Og Mala ser ikkje bort frå at det kan bli nokså trongt om plassen også denne kvelden.

Noregs nye yndling
For «Lothepus» er det tredje gong han held konsert i Saloonen, men i 2014 og 2015, var nok fanskaren hans betydeleg mindre enn  i dag. Og ein kan gjerne undra seg over kvifor folk har gått heilt av skaftet når det kjem til denne rappkjefta oddingen. Det kostar han ikkje ein kalori å skilja seg ut, han bannar oftare enn paven ber, og er det noko han gir blanke blaffen i, så er det kva andre måtte synest og meina om han. Tilsynelatande.

Ingenting er tilgjort når det kjem til «Lothepus» og kanskje er det nettopp dette som har gjort han til Noregs nye yndling? Han utstrålar den ultimate alfahann, men når kamera kjem tett på røper «Lothepus» at det er relativt mykje pus i Lothe og at han har eit hjarta av gull. I tillegg er han ifølgje mora, Anne Karin livredd for sprøyter, og ifølgje sambuaren Randi, er han livredd for kyr. Kva er vel meir menneskeleg enn det? «Lothepus» er i alle fall blitt allemannseige, om han vil eller ei.

Også for dei under 18
Då 47-åringen gjekk av med sigeren på søndag, skal ein ikkje sjå bort frå at det gjekk ein unisont jubelbrøl over det ganske land. Han var den mest populære deltakaren i Farmen kjendis og over 1,5 millionar sjåarar fekk med seg finalen og augeblikket då han vann. Dette er definitiv sjåarrekord for ein farmenfinale i TV 2.

Jubelbrøl var det truleg også hos éi i Etne. Aslaug Olden Mala ser fram til konserten på laurdag, som kjem til å få 18-årsgrense. Ho har med åra blitt godt kjent med «Lothepus» og sambuaren hans, og synest dei er to herlege menneske. At det blir ein travel kveld er ho innstilt på.

Mala har også ei skikkeleg glamelding til alle fans som ikkje er gamle nok til å koma inn på konserten på kvelden. Ho har nemleg ordna det slik at «Lothepus» også skal treffa desse.

– Me rekna med at han har unge tilhengjarar, så derfor vil me arrangera treff for alle under 18 år på ettermiddagen på laurdag, seier Mala.

Då får alle som vil møta den populære oddingen, som skal signera autografar, selja litt Lothepus-effektar, og er ein ekstra heldig, blir det også sjans for å få tatt ein «selfie» med kjendisen.