Lokkar talent til bygda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar ved universitet og høgskular veit ikkje kva som rører seg i distrikta. Dei veit ikkje kva moglegheiter for spennande arbeid som faktisk ligg utanfor Oslo. Framtida i lokalt næringsliv, utanfor Oslo, handlar om eit godt rykte. Og dei neste åra kjem kampen om dei gode hovuda til å hardne til for alvor. Då er eit godt omdøme avgjerande for å trekkje til seg dei beste.

Det er premisset for Talentjakten. Eit program i si tid utvikla av studentar ved Universitetet i Agder, for å setje dei beste studentane i landet i kontakt med lokalt næringsliv på Sørlandet og vise fram moglegheitene i regionen.

Nyleg blei programmet utvida frå å vera eit regionalt program for Sørlandet, til å bli eit nasjonalt program. Og neste region ut kan bli Telemark, dersom næringslivet og regionen vil.

LES OGSÅ: Mål: 1724 innbyggjarar innan 2020

Hovudkontor med utsikt over Nisser
Dei to grunnleggjarane vil i alle fall til Telemark, og meiner potensialet er stort. Hege Marie Mandt (35) frå Fjone og Per Andrew Lier (28) frå Tønsberg er partnarar både i business og i kjærleiken. Mandt har overteke småbruket på Fjone, men det er framleis far som styrer med det praktiske på garden. Hovudkontoret til Talenta Group ligg vegg i vegg med den jolepynta stoga, med panoramautsikt over Nisser. Snart ynskjer dei unge å flytte permanent til den vesle bygda med den store utsikten, men framleis er ikkje alt klart for det.

– Om Telemark vil bli med i Talentjakten, kjem me heim i løpet av det neste året, seier Mandt.

Dei to ser ingen grunn til å ikkje drive verksemda si frå ei bygd ein anten må ta ferje til, eller køyre på smale og humpete vegar for å nå. Det er nye tider no. Moglegheitene er endelause så lenge ein er kreativ og verkeleg vil.

LES OGSÅ: Bygda trekkjer til seg fleire kunstnarar

Byggje omdøme for Telemark
I romjola uttalte fylkesordførar Terje Riis Johansen fylgjande til NRK Telemark:

– Det skjer mykje bra her, men me ser at me heng etter samanlikna med landet for øvrig. Derfor blir jobb nummer éin i 2015 å bidra til at me klarar å skape nye arbeidsplassar og forhåpentlegvis bli meir attraktive for unge menneske som lurar på kvar dei skal flytte.

Det var så ein skulle tru han sa det på bestilling frå Talenta group. Det er akkurat dette Mandt og Lier meiner dei kan hjelpe Telemark med, dersom dei får fylkeskommunen, kommunane, bedrifter og andre aktørar med i programmet. I januar håpar dei å møte fylkesordføraren og presentere prosjektet sitt. Og i februar står dei på scenen under Vest-Telemark-konferansen. Det er no Talentjakten skal selje seg inn i Telemark. Næringskollegiet i Vest-Telemark har alt vist begeistring for programmet, fortel Mandt.

– Bedriftene og regionane må sikre seg no. I løpet av få år blir det mangel på kompetent arbeidskraft når heile den store etterkrigsgenerasjonen har gått av med pensjon. Dei regionane som har vore på hugget og skaffa seg eit godt omdøme vil vera attraktive for studentane og vinne kampen om dei beste talenta, seier Mandt og Lier.

LES OGSÅ: Planlegging skal gje bygda betre napp

– Må satse på utkantane
Mandt, oppvaksen på Fjone og enormt glad i bygda si, er heilt overtydd om at framtida ligg i distrikta. Men då må distrikta ynskje det sjølve, understrekar ho. Tenkje breitt og framtidsretta, våge å satse på utkantane i staden for å samle alt i sentrum.

– Ein må syte for at distrikta er attraktive som bu-regionar. Og då treng ein å ha eit minimum av infrastruktur. Ein treng barnehage og skule for å trekkje folk heim att, for å hindre at grendene blir avfolka. Om skulen på Fjone blir lagt ned, flyttar me ikkje til Treungen, men heller til Oslo eller Kristiansand, der me har større tilknyting og nettverk. Det er slik det fungerer, seier Mandt, som har engasjert seg sterkt i skuledebatten i Nissedal.

LES OGSÅ: – Ekstra studieår gjev 10 prosent høgare løn

– Spør kva som skal til
Ho meiner heimkommunen og andre små kommunar har ein veg å gå når det gjeld å få unge folk heim att.

– Ein må ikkje ha ein kamp mellom grendene i kommunen, men heller fokusere på å vekse i lag. Samarbeid gjev mykje større vekst, seier Mandt, og viser til resultatet av prosjektet på Sørlandet.

– Kva om dei spør oss «kva skal me gjera for at de skal våge å prøve å flytte heim?», i staden for å bruke masse tid og krefter på diskusjonane som har vore? Dei må tørre å tenkje langsiktig, seier ho, og siktar til debattar om skule og eigedomsskatt.

– Det er mange skattekroner å hente ved å få unge, arbeidande nissedølar heim, legg ho til.

Sjølv har dei lagt til rette for fem bustadtomter på høgda over småbruket. Håpet er at nærleik til vakker natur med utsikt over Nisser skal lokke til seg nye innbyggjarar. Tomtene skal dei selje til folk som ynskjer å busetje seg på Fjone, gjerne unge tilflyttarar.

– Det ligg enorme moglegheiter i Nissedal, Vest-Telemark og Telemark. Men ein må klare å formidle det tydeleg, velje å satse og arbeide saman, og vera klar på kva ein har å tilby. Og det kan me gjennom Talentjakten hjelpe til med, smiler gründerparet på Fjone.

Les saka i Vest-Telemark Blad.

Faktaboks

Talentjakten

Talentprogram starta av Hege Marie Mandt frå Fjone og sambuaren Per Andrew Lier, som no er styreleiar i selskapet Talenta Group.

Hovudpremisset for Talentjakten er ei sterk tru på at lokal skaparkraft skal gjera Noreg til ein internasjonal vinnar. Regionar bør være flinke til å synliggjera dei moglegheitene som er for framtidas arbeidskraft.

Kvart år plukkar Talentjakten ut 20 dyktige og ambisiøse studentar frå heile landet gjennom ein omfattande utveljingsprosess. Studentane får bygge nettverk og bli kjent med næringslivet og regionen gjennom seminar, kurs og bedriftsbesøk, og fungerer som ambassadørar for regionen og arbeidslivet der gjennom ein eigen blogg og sosiale media.

Gründerane bak Talentjakten ynskjer å setje framtidas kompetansebehov på dagsorden – både overfor næringsliv, regionar og dei fremste studentane i Noreg. Målet er å skape ein arena for samhandling og nettverksbygging mellom dei unge kloke hovuda, regionen og næringslivet.

Med støtte frå Innovasjon Noreg har programmet no blitt utvida frå eit regionalt program på Sørlandet til å bli eit nasjonalt program. Målet deira er at Telemark skal bli neste region ut, med oppstart i august 2015.