Lite å tene på økologisk landbruk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Signe Kårstad, Heidi Knutsen, Torbjørn Haukås og Anne Milford som har sett på lønsemda ved å drive økologisk. Førebels er det få økologiske bønder som får tilbake investert tid i form av pengar.

– Det handlar om kva inntekt bøndene må ha for å få reknestykket til å gå opp. Då må det satsingsvilje til både i næringa og hos styresmaktene. Og så er det viktig at etterspurnaden blant forbrukarane er der, seier rådgjevar Kårstad i Nibio.

Førebels er både etterspurnad og satsingsvilje langt frå god nok, noko som gjer at målet om 15 prosent økologisk matproduksjon innan 2020 er langt unna. Forskingsrapporten frå Nibio, bestilt av Landbruks- og matdepartementet, viser at avlingane blir lågare og at det er dyrare å produsere økologisk, samstundes som ein får litt betre betalt for produkta. Økonomisk kjem økologiske bønder ut om lag likt med konvensjonelle bønder, men tilskota er noko høgare for økologisk drift.

Ein svensk forskingsrapport slår fast at økologisk landbruk ikkje er meir miljøvennleg. Les saka her!