Lever livet på ny

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kom då, kom då!

Anne Merete Fjeldstad (47) småspring mot jordet. Framføre henne spring ein flokk med sauer, og bak henne kjem sistemann haltande etter. Når den siste sauen er framme, lukkar ho grinda, og tek nokre skritt utpå graset. I handa har ho ein kvit plastikkboks med noko godt i, som ho viftar mot dyra. Sauene spring mot henne frå alle kantar.

– Eg hadde faktisk aldri teke i ein sau før eg flytta hit, seier Fjeldstad.

Les heile saka i Tysnesbladet!

Spesialpedagog
For sjølv om det virkar sånn, er ikkje Fjeldstad fødd sauebonde frå Tysnes. Fram til ho var 40 år, for berre sju år sidan, levde ho eit ganske vanleg byliv i Sandnes. Ho var spesialpedagog ved Aspervika skule, mor til tre, og mannen Einar Wathne pendla til jobben i Ewos i Bergen.

– Eg har alltid feriert her, og tenkte ofte på å bu på Tysnes. Samstundes ynskte Einar seg eit småbruk. Ein dag blei småbruket der mormor vaks opp på Malkenes, lagt ut for sal. Då fall liksom brikkane på plass, fortel ho.

LES OGSÅ: Dette hugsar me best frå 2014

Trebornsmora tok likegodt med seg mann og born og flytta til gudeøya.

– Det var kanskje ein slags 40-årskrise. På Tysnes føler eg at eg lever livet på ny, seier ho.

Bergen direkte
Fjeldstad opnar grinda, og let sauene vera att på jordet. Til høgre frå der ho står, og opp ein bakke ligg det kvite huset hennar. Rundt huset beitar hestane.

– Det å ha dyr er eit verdival. Eg kan ikkje ha full jobb, og må vera heima i helgene. Både sauene og hestane må ha fôr både morgon og kveld, seier ho.

– Drifta av småbruket er hovudjobben min for tida. I tillegg jobbar eg i periodar som spesialpedagog ved Uggdal skule, held ho fram.

I motsetnad til Fjeldstad kunne mannen hennar halda på jobben då ekteparet flytta. Frå kaien på Malkenes tek han snøggbåten som går til Bergen sentrum.

– Jobben i Sandnes er vel det einaste eg saknar. Eg jobba på ein fleirkulturell mottaksskule, noko som var veldig givande, medgjev Fjeldstad.

Politikar
Engasjementet for framandkulturelle tek 47-åringen att som Arbeiderparti-representant i formannskapet på Tysnes. Ho er og aktiv i Lunde Bygdelag. Nøkkelen for å trivast på øya, er nettopp å engasjera seg i organisasjonslivet, trur Fjeldstad.

– Som hyttebuar trudde eg at eg kjende Tysnes. Eg var sikker på at det var kjedeleg på øya om vinteren. Men etter feriefolka har dratt, byrjar den spanande og aktive perioden, seier ho.

LES OGSÅ: Thea sitt år

– Ein må oppsøkja det Tysnes har å by på, og ikkje leita etter aktivitetar som finst i byen, held ho fram.

Fjeldstad går mot saufjøset som ligg nokre meter frå jordet. Opp ei trapp og bak ei dør står ein del lam i fleire båsar. Dei ventar på at matmor skal koma.

Slekt på øya
– Korleis er du blitt teken imot her?

– Eg er heldig og har ein del familie på øya. Då me kom, tok syskenborna mine Øystein Flakke og Per Økland oss med på arrangement dei skulle delta på, seier Fjeldstad.

Ho fortel at naboane har vore hjelpsame og nysgjerrige. Fjeldstad hadde dessutan born i skulealder som skulle vera med på aktivitetar. Det gjorde at det var enklare å koma inn i miljøet på Tysnes, meiner ho.

– På Tysnes føler eg at eg kjenner alle. Ein kan seia at det er dumt at ein må ta ferje og snøggbåt for å koma til byen, men eg trur det er viktige møteplassar, seier ho.

– Hadde det vore like enkelt å bli inkludert i miljøet dersom du ikkje hadde slekt her?

– Eg trur nøkkelen er å melda seg inn i organisasjonslivet. Det er ingen automatikk i å bli inkludert i miljøet på øya, seier Fjeldstad.

– Ikkje kjedeleg
Ho tek fram to stolar som står ved inngangen til fjøset, og finn fram ein termos og ein kopp. Ho skjenkjer kaffi i koppen, og set seg ned på stolen. No har ho tid til ein liten pause før andre gjeremål står for tur.

– Tysnes er ei heilt anna verd enn byen. I byen jobba og trente eg, her må eg stella sauer. Det er ikkje kjedeleg her, men veldig annleis, seier ho.

LES OGSÅ: Seig som sirup