Lett å glede

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Lett å glede

Regjeringsforhandlingane kjem til å gå veldig greitt. Alt tyder nemlig på at Erna Solberg skal forhandle med folk som er fornøgde med svært lite og feirar det meste som ein siger.

Det mest påfallande etter valet, var at alle var fornøgde. Dei som skal regjeringsforhandle var mest fornøgde, sjølvsagt. Men alle andre også. Ikkje Miljøpartiet Dei Grøne, kanskje. Dei hadde nok rekna med reint fleirtal og opprør i gatene fordi det ikkje var trykt opp nok stemmesedlar. Dei om det. SV var heller ikkje veldig fornøgde. Det skulle godt gjerast. Men dei var i alle fall glade for at dei hamna over sperregrensa. Då har du ikkje mykje å glede deg over. Arbeidarpartiet tapte regjeringsmakta, men var glade for å framleis vere Norges største parti. Senterpartiet var så glade som Liv Signe Navarsete kan vere fordi dei ikkje gjekk så forferdelig mykje tilbake som ein kunne frykte.  Alle var glade. For ganske lite.

Og dei som skal forhandle? Venstre gjorde eit såkalla brakval, som betyr at dei er rett over i staden for rett under sperregrensa. KrF jubla og feira så kaffien skvatt, fordi dei fekk nøyaktig like stor oppslutning som sist, og altså skal halde fram med å vere eit ganske lite parti i fire år til. Desse folka er veldig lette å glede.

Og Frp? Frp gjekk tilbake med 6,6 prosentpoeng. Dei mista nesten ein tredel av veljarane sidan førre val. Og dei gjekk frå å vere Norges nest største parti til å bli Norges tredje største. Dette var Siv Jensen så strålande fornøgd med at ho tok på seg partykjolen og tydeligvis feira med ti-tolv shots og bittelitt narkotika før ho gjekk på scena for å snakke unødvendig høgt.

Neste gong du ser sigerstalen til Siv Jensen frå valnatta (og eg veit du ikkje klarer å la vere, det er som ei bilulykke), tenk då på dette: Når ho blir så begeistra av å rykke ein plass ned og miste kvar tredje veljar, korleis hadde ho då oppført seg dersom Frp faktisk gjorde det bra? Dersom Frp hadde gått berre litt tilbake, for eksempel? Då ville ho sannsynligvis dansa revedansen til Ylvis. Dersom Frp hadde gått fram, hadde ho vel kledd seg ut som ein sminkepung, slått hjul og ropt: «Sug på den, Stoltis!»

Dette er folk som er fornøgde med lite. Veldig lite. Så regjeringsforhandlingane blir ein enkel jobb for Erna. Om ho lover KrF at ho ikkje skal aktivt motarbeide dei, kjem dei til å takke og juble og feire med tynn kaffi og tørre kjeks. Og Knut Arild Hareide kjem til å fnise ein vits om sigar og vin. KrF kjem til å vere like fornøgde om Erna gir Hareide eit handskrive notat der det står: «Forslag. Vi opprettar eit tulledepartement der du kan sitte og halde på med ditt. Så bestemmer vi resten. Og du får lov til å vere han artige fyren med vitsane i regjeringa. Og vi lover å le av vitsane dine offentlig. Nei, forresten. Ikkje le. Det får vere måte på. Smile. Litt overberande. Ok? Koz, Erna.»

Trine Skei Grande kjem til å halde ein lengre einetale om det store og sterke sentrum i norsk politikk dersom ho får tilbod om smørbrød på det første forhandlingsmøtet.

Og Frp? Siv Jensen kjem til å danse på bordet berre Erna tar ho i handa. Og springe ut på gangen til journalistane, slå ut med armane og rope «Slå lens, Jens!»

Det er så lite som skal til med slike folk. Tydeligvis.

Så dette går nok greitt.

Synd at folket ikkje er like lette å glede, sjølvsagt.


Først publisert i Aftenposten 14. september.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!