Lesetips: Galne vitskapsmenn, panpsykisme og økofeminisme

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i KLIMA

The MaddAddam Trilogy (Margaret Atwood, lenke)

HBO har nettopp lansert serien «The Handmaid's Tale», basert på Margaret Atwoods dystopiske åttitalsroman om grell, religiøst fundert kvinneundertrykking. MaddAddam-trilogien, den nyare framtidsvisjonen hennar, er om mogleg endå mørkare (men heldigvis dryppande satirisk).    

Den er ein dystopisk trilogi om menneskeleg overmot.

Kor langt kan vi gå i å aktivt endre verda vi lever i og relasjonane til kvarandre før vi sluttar å vere menneske(lege)? Det er eitt av spørsmåla som dominerer Margaret Atwoods romanar Oryx & Crake (2003), The Year of the Flood (2009) og MaddAddam (2013), samla kalt MaddAddam-trilogien, der vi følgjer ein moderne syndeflod; masseøydeleggelsen av menneskeheita.

Årsaken til denne sosiale apokalypsen er menneska sitt overmot i iveren etter kunnskap om verda og kunnskap om korleis å forbetre seg sjølve, nærare bestemt overmotet til den gale, men brilliante vitskapsmannen Glen-Crake. Han sett det heile i gong med ein eigenprodusert smittsam sjukdom som det ikkje finst ein kur for.

Alt er gale før floden: Tingleggjering av kvinner, barnemisbruk, omfattande organhandel, rasisme, klassesegregering, rå vold, masseovervåking, økokrise, forretningsteknokratisk styresett, overforbruk, og ein vitskaps- og teknologibransje som har gått amok. Atwood hevdar ho berre har tatt i bruk kunnskap og teknologi vi allereie har tilgang på når ho har brukt fantasien sin til å dramatisere genspleising av planter, dyr, menneske og maskin.

Utopien i dystopien hennar er den nye rasen Glen-Crake skaper for å ta over verda; the Crakers eller Homo sapiens sapiens. Crakerane er perfekte, menneskeliknande skapningar som finst i alle slags fargar og er fredelege, ikkje-rasistiske, planteetande, økologiske vesen med innebygd insektsspray under huden. Ikkje vert dei sjalu (dei har parringssesong) og ikkje territorielle. Og dei manglar evna til å tenkje metaforisk; dei forstår alt bokstaveleg. Problemet er dette: Etter apokalypsa syner det seg at nokre få menneske faktisk overlevde, og ei av dei, ein slags Jesus-figur, Toby, lærer Crakerane å lese, skrive og tenkje …       

For Love of Matter: A Contemporary Panpsychism (Freya Mathews, lenke

Ei kjærleikserklæring til det fysiske.

Den svimlande radikale filosofiske posisjonen panpsykisme er i vinden om dagen. (Pan = all. Psykisme = sjel.) Kan det verkeleg stemme, at alt som eksisterer har ei form for sjel, evna til erfaring? Eller høyrer slik besjeling heime berre i sagna og eventyra? Filosof Freya Mathews er blant dei som er overtydd om at alt fysisk har ein mental kapasitet, og at alt sjeleleg også er fysisk – ikkje som ei kartesisk todeling, men som ein heilskap, ein non-dualisme, for å bruke eit håplaust akademisk ord.

I 2003-boka si For Love of Matter skildrar ho sin versjon av panpsykisme og argumenterer for at eit slikt verdssyn vil kunne hjelpe oss å ta klimaproblemet på mykje større alvor. Veikskapen hennar er at ho ikkje refererer til andre panpsykistar, verken tradisjonelle eller samtidige. Styrken er at argumentet er uttømmande og skrivestilen hennar rett og slett fortryllande.

Exposed: Environmental Politics and Pleasures in Posthuman Times (Stacy Alaimo, lenke)

Økofeminist Stacy Alaimo er også blant dei som synest vi må ta kroppen – det materielle – meir på alvor.

I den leikne essaysamlinga Exposed (2016) spør ho kva det vil seie å vere menneske, kva det vil seie å vere ikkje-menneske (sommarfugl, til dømes) og korleis nettopp sjela til det materielle og det ikkje-materielle er vevd saman. Du og havet, til dømes, gjennom at du et sjømat, blant anna. Alaimo spekulerer i kva det vil seie å leve eit moralsk godt liv i den geologiske tidsepoken antropocen ved å utfordre ideen om at kultur er eit heilt anna fenomen enn natur. 

Ho reflekterer til dømes over om det menneskelege "habitatet", staden der vi bur, i større grad burde inkludere dyr, inkludert ville dyr, fuglar og insekt. Kan arkitektane og byplanleggjarane teikne nærområde som er meir rause og inkluderande? Alaimo vil kort og godt ha multiart-estetikk, både i byen og på landet, noko ho trur vil bidra til at vi tar betre vare på kloden og alt levande (og ikkje-levande).

Vegen dit går via openheit, meiner ho, via å praktisere sårbarheiten vår, som dyr, som kvinner, som kroppslege vesen. Men, som ho seier i eit intervju tidlegare i vår; med den karbontunge maskuliniteten til den nye, amerikanske presidenten kan denne praksisen syne seg mykje farlegare enn då ho skreiv boka. 

LES OGSÅ: Forfattar og kjemikar Unni Eikeseth gir deg sine beste boktips innan naturvitskap.