Les det opne brevet frå Mads Gilbert

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Les det opne brevet frå legen

I brevet «Letter from Gaza by a Norwegian Doctor» skildrar Mads Gilbert korleis tilstanden er på sjukehuset der han jobbar. Han skriv om eit kaos, utan ordentleg utstyr, med stadig nye offer som vert transportert inn.

LES OGSÅ: – Oljefondet legitimerer okkupasjonen

– Meir enn 100 tilfelle kom til Shifa dei siste 24 timane. Nok for eit stort, erfarent sjukehus med alt, men her – nærast ingenting. Ingen elektrisitet, vann, eingongsutstyr, medisin, operasjonsbord, instrument, monitorar – alle nedrusta som om dei var tekne frå eit museum for gårsdagens sjukehus, skriv Gilbert i brevet.

Du kan lesa heile brevet her.

– Do you have a heart?

Gilbert henvender seg og til president Obama.

– Eg inviterer deg til å tilbringa ei natt – berre ei natt – med oss i Shifa. Kledd ut som ein vaskar, til dømes. Eg er 100 prosent sikker på at det vil endra historia.

LES OGSÅ: Levde tett på rakettangrepa i Israel