Lenge leve det lette!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Lenge leve det lette!

Det at nokon tek på seg verv, betyr at vi andre slepp. Alle som har vore borti eit burettslag i si tid, veit det. Slik er det også med regjeringa. Det at Bent Høie har tatt på seg å vere helseminister, for eksempel, betyr at vi andre slepp. Det går nesten ikkje ein dag utan at eg vaknar og er glad for at eg ikkje er helseminister.

Derfor vil eg ikkje slike folk som helseministeren vondt. Og derfor tenker eg av og til at det hadde gått an å gjere det litt lettare for seg sjølv.

Viss du for eksempel er helseminister og skal opprette ei gruppe som skal sørge for at folk får i seg sunnare mat, då kan du – som Bent Høie gjorde – velje å la Stein Erik Hagen fronte den gruppa. 

Men du kan også la det vere. Viss du vil gjere det litt lettare for deg sjølv.

Det er ikkje det. Det er sjølvsagt ikkje ufornuftig å ha seljarane av maten med på laget når du skal sørge for sunnare mat. Men likevel: Stein Erik Hagen er berre for lett å latterliggjere.

Orda «stein», «erik», «hagen», «helseminister», «helse» og «slanke» i same setning, kan få sjølv SV-arar til å ty til lytekomikk.

Stein Erik Hagen er rett og slett for lett å mislike. Han er ein av dei som får fram det verste i folk. Det finst nokre sånne. Innanfor kultur- og underhaldningslivet kan for eksempel Kristian Valen, Ari Behn og Tone Damli få fram det verste i folk. Viss du vil skape dårlig stemning på fest, så kjem du ofte langt med å hylle ein av dei.

Viss du derimot ikkje vil skape dårlig stemning, men heller ha det hyggelig, då kan du la det vere.

Stein Erik Hagen er næringslivets Kristian Valen. Folk som misliker solarium og sjølvtillit, hatar Kristian Valen. Folk som misliker næringslivstoppar, hatar Stein Erik Hagen. Det vil seie: Dei elskar han, fordi han er så lett å mislike.

Han har tent veldig mykje pengar på å selje veldig billige og ikkje nødvendigvis spesielt sunne greier. Han har sagt pussige ting som tyder på at han synest det er litt rart at ikkje alle andre også har veldig mykje pengar. Han er ikkje akkurat kjent for å vere sjølvironisk og ta lett på ting. Og han gir pengar til Høgre.

Det er rett og slett for lett. Som sagt: Sjølv SV-arar klarer å vitse om Stein Erik Hagen.

Dette er eit generelt råd til alle i regjeringa: Viss SV-arar klarer å vitse om ideen din, bør du nok la ideen ligge. Og omvendt, til opposisjonen: Viss Frp-arar klarer å vitse om ideen din, då kan det nok vere lurt å revurdere.

Det er derfor eg stussar. Når du gir Stein Erik Hagen i oppgåve å fronte ei gruppe som skal gjere oss sunnare, då veit du at vitsane kjem. Du veit at folk kjem til å himle med auga. Folk kjem til å fnyse. Motstandarane dine kjem til å få inn nokre lette poeng. Og alt dette må du sitte og høyre på i staden for å diskutere det saka eigentlig dreier seg om.

Det er ikkje nødvendig. Du kan velje å gjere det lettare for deg sjølv.

Det er det same viss du sitt i regjering og skal sette ned eit utval som skal jobbe for større openheit. Då kan du velje å ta med nokon frå First House i det utvalet. Det er sikkert ikkje ufornuftig å ha med nokon frå ein bransje som blir kritisert for manglande openheit.

Men du kan også la det vere. For å gjere det litt lettare for deg sjølv. For å sleppe alt du veit kjem til å komme. Du veit at Marin Kolberg kjem til å bli konstitusjonell. Du veit at nokon kjem til å snakke om havresekkar. Du veit at vi som skriv i avisa hatar slike byrå som gir kommunikasjonsråd, fordi det har blitt så himla mykje vanskeligare å skrive i avisa etter at alle blei så flinke til å snakke i avisa.

Kjære statsrådar: Alt dette går det an å sleppe. Det går an – i alle fall av og til – å gjere det litt lett for seg sjølv.

Det er dykk vel unnt. Verkelig.

Takka vere dykk kan vi andre trass alt stå opp kvar dag og ikkje vere statsrådar.


Først publisert i Aftenposten 7. juni.

LES FLEIRE ARE KALVØ-TEKSTAR HER!