– Leigetakarar bør pruta på husleiga

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er over 9300 bustader til leige, ifølgje Finn.no.

– Me har difor ei klar oppfordring til legietakarar: Prut på husleiga! Det er eigenleg berre rett og rimeleg om leigetakarane då oppnår lågare husleige, meiner Thomas Bartholdsen, fagdirektør hos Forbrukarrådet i ei pressemelding.

Svært mange har det siste tiåret kjøpt bustad for utleige i Oslo og andre større byar. Det har stort sett vore særs lønnsamt.

Den vesle leilegheita ein kjøpte for om lag 10 år sidan, kan om lag ha dobla verdien sin. Renta investoren betalte viss han lånte kjøpesummen, var så seint som for åtte år sidan om lag tre gonger såg høg som i dag. For mange har dette vore ei gunstig pengeplassering òg skattemessig sett. Leigeinntektene har ofte dekt mykje meir enn heile kostnaden ved å eiga bustaden.

Han som ein gong betalte 80.000 kroner i året før skatt for å finansiera kjøpet av utleigebustaden, betalar i dag rundt 25.000.

– Det ville vera heilt urimeleg om ikkje dette òg kom leigemarknaden til gode, meiner Thomas Bartholdsen hos Forbrukarrådet.

Han seier det sjølvsagt er mest naturleg å pruta på husleiga før ein inngår kontrakten. Men det er òg fullt mogleg på vennleg vis å ta opp husleiga med utleigar, ifølgje han.

Dersom utleigar gjerne ønskjer at leigetakaren blir buande, kan mange klare å forhandla fram ei betydeleg lågare husleige. Dersom leigemarknaden forheld seg på same måte, er det ofte mange høve til å velja.

Lettare å spara
Mange leiger fordi dei eigenleg har dårleg råd. Lågare husleige kan gjera det lettare for deg å spara til ditt eige bustadskjøp.

Det er ikkje sikkert det vil bli like lønnsamt framover å kjøpa småbustader for å leiga ut, men det er ikkje lett å spå om dette.

Forbrukarrådet peikte i 2012 på at talet på studentar auka med 7000 i året, medan Stortinget berre løyvde pengar til bygging av 1000 studentbustader. Då bygde ein seg faktisk bort frå målet om 20 prosent dekning, og i retning av 14 prosent. På den måten oppstod eit press i marknaden.

– Me tok då til orde for å byggja 3000 studentbustader i året inntil etterslepet var henta inn, seier Thomas Bartholdsen.

I dag er alle partia samde om å auka mengda studentbustader. For året er løyvinga passert 2200.

LES SISTE NYTT OM PRIVATØKONOMI!