– Lærer betre med praksis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Pass deg! Det er mykje som er veldig varmt her. I det karet der borte er temperaturen over 400 grader, seier Line Sangolt (16). Ho og medelev Sondre Strøm (16) har vore i praksis her i verksemda Zinker i snart ei veke. No veit dei kva dei skal gjere og kva dei må passe seg for.

– Den som heng der veg 1200 tonn. Når den vert heist opp, må vi passe på så vi ikkje oppheld oss under, fortel Strøm og peikar mot ein jern-koloss som er festa til skinner som går i taket i den svære industrihallen. Rundt ti personer er i aktivitet ulike stadar i hallen.

LES OGSÅ: Fleire innvandrarar fullfører

Teknisk allmennfag
Sangolt og Strøm går i første klasse for teknisk allmennfag ved skulen. Denne veka har dei vore ute i si fyrste praksisperiode. Gjennom dei tre åra på vidaregåande skal dei til saman ha tre praksisperiodar, i tillegg til verkstadjobbing på skulen kvar veke.

Hos Zinker ved Straume utanfor Bergen gjer dei det som heiter galvanisering. Stål og jernkonstruksjonar vert sende hit for å verte bada i flytande zink som held 450 varmegrader.

LES OGSÅ: Gir elevane rett til påbygg etter fagbrev

Meir haldbart
– Stålet tar opp i seg zink og det gjer at det vert mykje meir haldbart. Det kan faktisk halde seg i opptil hundre år, seier Strøm.

I løpet av veka har dei lært mykje, òg det at det ikkje er noko latmannsliv å vere i arbeidslivet.

– Det er hardt arbeid, mellom anna med mykje løfting. Det er kjekt å sjå korleis ting fungerer og få så mykje praksis som det vi gjer. Ein lærer betre då, seier Sangolt.

Dei har planar om å studere til å verte ingeniørar seinare, men har ikkje heilt bestemt seg for kva for retning dei vil velje.

Gir innsikt
Roger Ellefsen er produksjonssjef hos Zinker. Han fortel at det viktig for verksemda å vere i kontakt med elevane.

– Det er dei som er framtida og skal designe det stålet som vi vil bruke framover. Viss vi no kan påverke dei og gi dei innsikt i næringa slik at dei kan gjere ein betre jobb i framtida, er det positivt. Det er ikkje alt ein kan lese seg til.

Frode Davø har hatt opplæringsansvaret for dei to elevane.

– Eg er veldig imponert. Dei er berre 16 år, det skulle ein ikkje tru. Dei er gode på å ta initiativ og set seg ikkje ned utan noko å gjere.

Lærar Ingjerd Bergland ved Sotra vidaregåande skule er innom for å helse på elevane og sjå om det går godt med dei i praksisen. Til vanleg undervisar hos elevane i matte.

– Eg håpar jo at dei får bruk for matten dei har lært no når dei er i praksis. For mange er det veldig lærerikt å sjå korleis ein bruker skulefaga ute i verksemder, seier ho.

Strøm og Sangolt er i ferd med å henge opp krokar. I krokane skal dei etter kvart feste stål som skal henge til tørk etter å ha verte bada i det varme zinkbadet.

– Så kjem kundane og hentar dei. Dei kjem frå alle slags ulike verksemder, mellom anna ein båtfabrikk. Det kjem òg private kundar hit, fortel Strøm.

Neste veke tek dei av seg vernebriller og hjelm for å dra tilbake til skulen, men gler seg allereie til neste praksisperiode.