Lærarstudentar får ta ny matteeksamen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På fleire universitet og høgskular vart det gjort formelle feil på prøven etter forkurset i matematikk. Studentar ved desse studiestadane skal no få ta ein ny eksamen, dersom dei ikkje passerte nålauga i førre runde.

Dei som består, kan starte utdanninga i haust.

BAKGRUNN: Fire av ti lærarstudentar strauk i matte

– Det har komme klagar på formelle feil ved gjennomføring av prøven, og det kan vere at enkelte universitet og høgskular vil gi medhald i desse klagene. Vi vil sørgje for at det blir arrangert ein ny prøve på stadane der det har vore formelle feil, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa har skjerpa mattekravet for å komme inn på lærarutdanning, og alle studentar må ha minimum karakteren 4 frå det enklaste matematikkurset i vidaregåande skule.

Søkjarar som hadde karakteren 3 i matematikk, fekk tilbod om å ta forkurs for å kvalifisere seg til lærarutdanninga. (©NPK).

LES OGSÅ: «Eg er ein av dei som strauk i matte»