Lærar tvinga NRK i kne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NRK Super har invitert alle grunnskulane i landet til å syngja og dansa saman i haust, til ein song som dei har kalla BlimE!. Det ville også femteklasse på Leirvik skule vera med på. Heilt til læraren, Tove Kristin Tveit, las teksten dei skulle syngja.

Kort oppsummert handla teksten om «likes», følgjarar og vener på sosiale media.

LES OGSÅ: Kvifor trykkar du «like»?

Vondt i magen
– Eg fekk vondt i magen, og kjende at dette kan ikkje eg stå for. Me som skule kan ikkje stå inne for å oppmoda barna til å gje kvarandre «likes» og til å få flest mogleg følgjarar. Det er flott å gje kvarandre «likes», men mange kan bli veldig avhengige av dette. Dei vurderer vennskap ut frå kor mange «likes» dei får, og det blir ein popularitetskonkurranse. Eg følte teksten var litt tvitydig, med eit press om å vera kul på internett. Når kanskje meir enn 150.000 barn skal vera med og dansa til dette, tenkte eg at det er ein viktig tekst, seier Tveit til Sunnhordland.

Ho tok difor kontakt med NRK direkte, for å gje tilbakemelding. På sidene til NRK kunne ho sjå at det var fleire andre som også hadde vore kritiske til teksten, men ho tenkte likevel at det måtte sterkare lut til om dei skulle få NRK til å snu. Tveit kontakta nettsida Barnevakten.no som vidare følgde opp saka inn mot NRK.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress


Tove Kristin Tveit gav seg ikkje då ho først fekk svar frå NRK. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Snudde
– Først fekk eg eit høfleg og greitt svar frå NRK om at dei takka for tilbakemeldinga, men at det var ein tanke bak teksten. Då svara eg at me diverre ikkje kunne bli med, fordi me ikkje kunne stå inne for innhaldet. Men berre nokre dagar etter at eg var i kontakt med Barnevakten, fekk eg tilbakemelding om at NRK likevel hadde snudd, og at dei ville skriva ein ny tekst, seier Tveit.

Torsdag la NRK Super ut følgjande melding på nettsida si: «Har du begynt å øve på BlimE!-songen? Glem teksten! Nå har vi laget ein ny tekst som vi synest er mykje betre.»

– Det var både overveldande og gøy å sjå at gav resultat, og at det nyttar å gje beskjed, seier Tveit som dermed likevel kan førebu elevane på song og dans.

– Den nye teksten er veldig bra. Dei har same dans, men har klart å snu innhaldet i teksten, seier Tveit.

Mykje på internett
– Korleis har elevane reagert når du har teke opp dette?

– Dei har vore litt undrande. Ein del synest at teksten var kul, og forstod ikkje heilt problemet. Men med ein gong eg forklarte for dei kva eg tenkte, forstod dei det. Mange av elevane har tankar om at både dei sjølve og foreldra er for mykje på internett, og er veldig bevisste på dette. Internett er ein heilt enormt stor del av kvardagen vår, og me i skulen har ein kjempejobb å gjera for å bevisstgjera barna endå meir, seier Tveit.

NRK Super-redaktør Hildri Gulliksen var ikkje tilgjengeleg for kommentar fredag, men til Barnevakten sine nettsider seier ho at ho håpar både små og store vil kjenna seg igjen og føla seg inkludert i den nye songen, og at pedagogar og foreldre vil oppleva at han er i tråd med dei verdiane dei formidlar til barna i det daglege.

Les saka og sjå video hjå Bladet Sunnhordland.

Faktaboks

BlimE!
• BlimE! er NRK Super sin haldnings­kampanje for å få barn til å bry seg om kvarandre, og blei lansert i samband med MGPjr-finalen i 2010.
• Fredag 24. oktober inviterer NRK Super alle grunn­skulane i landet til å dansa BlimE! saman. Kanalen legg tekst og melodi ut på nettsidene sine, og oppmodar skule­klassar om å øva fram til den aktuelle dagen.
• Elevane kan ikkje melda seg sjølv på. Dette må ein lærar eller rektor ta seg av.
• I fjor dansa 125.000 barn frå 625 norske skular BlimE!-dansen.

Dei to første versa før:

Jeg følger deg
Du følger meg
Jeg gir deg likes
Du gir meg likes
For våre venner
De tar vi vare på
Hvor mange følgere har jeg nå?

Jeg hjerter deg
Du hjerter meg
Jeg sier hei
Vær venn med meg
Sjekk dagens outfit
Er den bare sær?
Please kommentér mine nye klær

Dei to første versa etter:
Jeg liker deg
Du liker meg
Jeg trenger deg
Du trenger meg
For våre venner
De tar vi vare på
Så fint at du, vil bli med oss nå

Jeg hjerter deg
Du hjerter meg
Jeg sier hei
Vær venn med meg
Vi ser på bilder
Vi skriver fine ord
Vi er på lag, samme hvor vi bor