Langvarig dragkamp om nestleiar i Sp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lang dragkamp om nestleiar i Sp

Fylkeslaga i Senterpartiet har frist til søndag med å komme med innspel til valkomiteen om ny partileiing.

Ut frå innspela som er kjende til no, er det rimeleg sikkert at den neste leiaren vil heite Trygve Slagsvold Vedum. Spenninga knyter seg til kven som dei to nestleiarane blir. Det er i stor grad ein kamp for eller mot Ola Borten Moe.

Fleire partikjelder NTB har vore i kontakt med trur kampen vil halde fram heilt til landsmøtet 7. april.

– Eg blir forbausa om det ikkje kjem benkeforslag under sjølve landsmøtet, seier ei kjelde.

LES OGSÅ: Innstilt på å gje seg

Støtte i aust og nord
Ola Borten Moe har sterkast støtte i aust og nord. Dei tunge Sp-fylka Oppland og Nordland har ope gått ut med støtte til Ola Borten Moe og Janne Sjelmo Nordås frå Hattfjelldal som nye nestleiarar. Borten Moe får også støtte frå trøndelagsfylka, Troms og frå sentrale partifolk i Hedmark.

Det viktige Sp-fylket Rogaland har fylkesårsmøte denne helga. Det er uvisst kvar fylkespartiet vil lande i nestleiarstriden, men stortingsrepresentant Geir Pollestad frå Rogaland har sagt han støttar Borten Moe som nestleiar.

LES OGSÅ: Slår ring om Liv Signe

– Intern prosess
Dei fleste fylkespartia NTB har vore i kontakt med, understrekar at dette er ein intern prosess, der kandidatar skal spelast inn til valkomiteen, ikkje offentleg.

Aust-Agder Senterparti flagga tidlegare i veka klar støtte til Trygve Slagsvold Vedum som ny partileiar. Men dei vil ikkje seie noko offentleg om kven dei vil ha som nye nestleiarar.

– Vi vil spele inn nokre namn til valkomiteen. Men vi har inga låst innstilling. Valkomiteen må få moglegheit til å innstille på ny partileiing ut frå eit heilskapsbilete, seier fylkesleiar Oddbjørn Kylland til NTB.

Nabofylket Vest-Agder har fylkesårsmøte laurdag, men innspel til valkomiteen blir truleg ikkje noko tema på talarstolen. Det spørsmålet blir behandla av fylkesstyret laurdag kveld som ei intern partisak, får NTB opplyst. Det er ikkje venta at fylkesstyret vil uttale seg offentleg om nestleiarvalet.

LES OGSÅ: Ni fylkeslag vil vrake Borten Moe

Ni fylke mot Borten Moe
Ifølgje Aftenposten har ni fylkeslag sendt tydelege signal om at Borten Moe bør ut av partileiinga. Det gjeld Østfold, Vestfold, Buskerud, Oslo, Akershus, Telemark, Finnmark, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Desse fylkespartia har til saman 120 av 307 delegatar til det ekstraordinære landsmøtet på Lillestrøm i april. Utfallet er likevel ope ved ei eventuell kampvotering, fordi eitt eller fleire fylkeslag kan komme til å stille med delte delegasjonar på årsmøtet.

Og motstandarane av Borten Moe har ikkje klart å samle seg om ein klar motkandidat. (©NPK)