Lagar plastikk av bananskal

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Best i verda i Google-tevling

«Going bananas»er tittelen Elif Bilgin frå Tyrkia har gitt sitt forskingsprosjekt. På to år har 16-åringen klart å utvikle ein metode for å lage plastikk til bruk i dagleglivet av bananskal.

– Eg kom over ein tekst om korleis ein lagar bioplastikk av poteter. Eg tenkte at me et poteter, så kvifor bruke det? Eg tenkte at om eg fann eit avfall som eg kunne resirkulere på denne måten ville det vere eit gjennombrot på dette området, seier Bilgin i presentasjonen av prosjektet sitt.

LES OGSÅ: 17-åring bygde kunstig hjerne som finn brystkreft

Publikumsfavoritt
Den tyrkiske jenta vart kåra til publikumsfavoritten mellom dei 15 forskarprosjekta, vald ut mellom tusenvis av innsendte bidrag frå unge forskarspirer i 120 land, skriv Google på sin blogg.

Tidlegare har den unge tyrkiske jenta òg vunne Scientific American sin Science in Action Award for 2013. Prisen går til prosjekt som kan gjere ein praktisk forskjell, gjennom å ta føre seg eit miljø-, helse- eller ressursutfordring.

Til Google Science Fair vert unge mellom 13 og 18 år oppmoda til å delta dersom dei har ein ide som kan endre verda. Denne veka var dei 15 finalistane i Google sitt hovudkvarter i California for å presentere prosjekta sine for eit dommarpanel.

Sjå vinnarane forklare sine eigne prosjekt her.

Batterifri lommelykt og vaksiner
I tillegg til publikumsprisen vart det kåra tre vinnarar i ulike aldersgrupper. Australske Viney Kumar vann i den yngste klassen, for sitt prosjekt The PART (Police and Ambulanses Regulating Traffic) Program. 14-åringen sin ide er å nytte ein app for å gje bilførarar meir informasjon om utrykkingskøyrety, slik at dei kan sleppe dei fram.

Ei lommelykt som ikkje går på batteri, laga av 15 år gamle Ann Makosinski frå Canada er eit anna av vinnarprosjekta. Lommelykta nyttar varmen frå ei menneskehand, saman med kulda frå omgivnadane, til å lage elektrisitet og lyse.

I den eldste klassen vann 17-åringen Eric Chen for sitt prosjekt med influensamedisin, særleg retta mot framtidige pandemiar.

Google Science Fair vert arrangert årleg i samarbeid med CERN, Lego, National Geographic og Scientific American.