Lagar motorsyklar på skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

På verkstaden til linja for teknikk og industriell produksjon har mange kreative hjernar vore i sving dei siste månadene. Som del av eit kreativt læreprosjekt har lærar Haldor Hove gitt elevane i oppgåve å teikne og lage kvar sine motorsyklar utan motor. Dette har dei måtte løyse ved å planlegge prosessen som om dei skulle arbeidd i ei bedrift.

– Vi har rekna på kostnad og vekt, kor sterk sykkelen må vere ut ifrå bruksområde og korleis ein skal byggje han. Arbeidet skal gjerast skikkeleg, seier elev og økonomisjef for prosjektet, Runar Kvien.

Andre elevar har fått rollene som m.a. HMS-ansvarleg og kvalitetsansvarleg, og store avgjerder som kostnader og budsjett må godkjennast med «styret», som i dette tilfellet er skulens rektor.

Sveising
Kvar veke har elevane eit produksjonsmøte der dei drøftar korleis dei ligg an og korleis dei skal arbeide framover.

Sykkelen skal produserast i røyrstål som skal sveisast med ulike teknikkar. Elevane skal også dreie nav og andre delar sjølv. Arbeidsteikninga er laga i dataprogrammet Solid Works så dei kan sjå produktet i 3D og eliminere feil allereie på teiknebrettet. Kostnaden er berekna til 255 kroner per sykkel etter forhandlingar mellom økonomisjefen for prosjektet og rektor.

Frå idé til ferdig produkt
Lærar Haldor Hove meiner eit slikt prosjekt gir elevane ei fin blanding av teori og praksis.

– Dei ser korleis ein må tenkje frå idé til ferdig produkt, dei får bruke det i praksis og ser korleis ei bedrift er oppbygd og følgjer ein produksjonsprosess. Mange mål i læreplanen vert møtt gjennom produktet dei lagar, seier Hove.

Elevane Runar Kvien og Lena Emilie Olsen synest motorsykkelprosjektet er eit kjekt avbrekk frå den vanlege klasseromsundervisninga.

– Du må skrive at elevane vil gje skryt til læraren som har drege i gang eit slikt prosjekt, seier Kvien.

– Ja, dette er ein god idé. Vi går gjennom mange fagområde, seier Olsen.

Bedriftssamarbeid
Hove poengterer at skulen har eit godt samarbeid med lokale bedrifter undervegs i prosjektet, noko han er takksam for.

– Vi har vore på bedriftsbesøk på Scana Volda, Nomek i Stryn og Autoservice i Ørsta. Bedriftene tek velvillig i mot oss, og det er bra, seier han.

Det er venta at syklane skal verte ferdige før sommarferien.

Sondre Heltne Ringstad, Kristoffer Benjamin Skare og Sigrid Marie Mørch planlegg motorsykkelen i Solid Works.

Klasse 1TPD på Ørsta vidaregåande skule arbeider for tida med å lage kvar sin motorsykkel i stål.