Laga musikkvideo av film frå tippoldefar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unik film frå 1937 blei musikkvideo

Glade ungdommar som står på skøyter og ski, hestekøyring, snøballkrig og leik. Musikkvideoen gjev eit interessant tilbakeblikk i dagleglivet rundt Eikanger og Salhus, nord for Bergen, før krigen.

– Det var eigentleg heilt tilfeldig, fortel Kristoffer Eidsnes, til dagleg grafisk designar for Grid Design i Oslo.

Designaren fekk i oppdrag å laga design på coveret til kompisen Simen Mitlid sin nye singel Pictures from the past. Samstundes dreiv han på med å digitalisera nokre gamle 8 mm filmrullar frå tippoldefar sin Sivert Eikanger. Det var då han kom på ideen om å bruka desse i ein musikkvideo.

LES OGSÅ:Ta turen 664 år tilbake i Bergen

– Ekstra gøy
– Flesteparten av bilda er frå kring 1937, seier han. Videoen er redigert utifrå eit materiale på kring tre timar med film.

Tippoldefaren hans var lensmann, og det same var bestefaren hans, Leif Eidsnes, som det òg er bilde av i filmen saman med oldemora hans (sjå bilde under).

– Det gjer det ekstra gøy at filmane er frå der eg vaks opp, og med mange av slektningane mine, seier Eidsnes, som sjølv kjem frå Eidsnes i Eikanger.

– Kva er forskjellen på no og då?

– Det er veldig mykje meir skog no. Dessutan ser dei eldre folka mykje meir gamle ut enn det dei sikkert er.

– Viss ein ser på filmane kronologisk, så er dei ei reise i seg sjølv. Gardsbileta er frå Eikangervåg og bilda som minner om ein by er frå Salhus, fortel Eidsnes.

Det kjente og kjære dampskipet Oster er også med i filmen.

LES OGSÅ: Klar med nynorsk Miley Cyrus-video

(artikkelen held fram under videoen)

– Passar låta
Simen Mitlid, som eigentleg kjem frå Os i Østerdalen, kjenner Kristoffer Eidsnes frå studiar i Volda saman. Han er svært nøgd med musikkvideoen:

– Den blei veldig fin, og passar veldig godt til låta, seier han.

Singelen hans kom ut på labelen Fashion Moves Music torsdag. På singelen er canadiske Tyler J med på perkusjon og Austin Basham korar. Simen Mitlid jobbar no i studio med ein ny ep.

Neste gong han held konsert blir på Parkteatret 22. februar, som support for Tommy Tokyo. Elles reknar Simen Mitlid med å delta på ein del festivalar i sommar.

LES OGSÅ: Egil Olsen i skrekkeleg musikkvideo

Kristoffer Eidsnes har brukt bilde av oldemora Borghild Eidsnes og min bestefaren Leiv Eidsnes i videoen. Her har han fargelagt bildet om lag slik det kan ha vore.

LES OGSÅ: – Gi meg éin mann som kan konkurrere med melismene mine