– Kyotoavtalen var i praksis ein fiasko

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Klimatoppmøta hatt ein veldig liten effekt, seier Theresa Scavenius, som forskar på klimapolitikk ved institutt for statsvitskap ved Københavns Universitet til videnskab.dk, i ein artikkel publisert på forsking.no.

Det same fortel professor Jørgen E. Olesen, som forskar på klimaendringar ved Aarhus Universitet og tidlegare har vore med i SNs klimapanel.

 – COP-møta har skapt merksemd om klimaproblematikken, og på den måten har dei vore nyttige. Men dei avtalene som har vorte inngått, har ikkje utgjort ein skilnad. Sjølv dei bindande måla som var ein del av Kyoto-avtala frå 1997, har ikkje endra noko. Avtalen vart så fleksibel og lett å snika seg utanom at den i praksis vart ein fiasko, seier Olesen.

LES OGSÅ: Klimatoget på veg til Paris

Meir indirekte innsats
Scavenius meiner at klimamøta har ført til ein meir indirekte klimainnsats heller enn faktiske forpliktingar om direkte utsleppskutt.

 – Møta har ført til at det har vorte oppretta fond for å støtte klimaprosjekt, og ulike land har skrive under på at dei vil gje pengar til fonda. Men det er ein meir abstrakt og indirekte innsats. Sjølv om eit land har skrive under på at det skal gje pengar til fonda, har det fleire gonger vist seg at det ikkje skjer likevel, seier ho til videnskap.dk.

LES OGSÅ: Besteforeldre i klimatog til Paris