Kylling så vidt forbi biff i USA

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Biff-dominans står for fall

Biff-fråtsinga ser ut til å vere over i USA. For første gong på hundre år er kylling meir vanleg enn storfekjøt på amerikanske middagsbord, går det fram av ny statistikk.

Amerikanarar åt i gjennomsnitt rundt 27 kilo kylling per person i 2012, fortel tal frå Priceonomics. For første gong sidan andre verdskrigen hamna storfekjøt dermed på andreplass, med 26,4 kilo per person.

Den amerikanske biff-fråtsinga nådde toppen på byrjinga av 1970-talet, då amerikanarane i snitt åt 40 kilo storfekjøt kvar i året. Sidan har konsumet gått nedover for kvart år, skriv Dagens Nyheter.

Endringar i dei amerikanske matvanane kan kome av større fokusering på helseaspektet sidan raudt kjøt vert kopla til hjarteproblem og diabetes.

Amerikanarane er ikkje storkonsumentar av svinekjøt. Dei siste hundre åra har konsumet lege på rundt 20 kilo per person.

Ifølgje Forskning.no bidreg produksjon av eitt kilo storfekjøt til utslepp av 20 kilo CO2. Ein kilo kyllingkjøt bidreg med under fem kilo CO2-utslepp.