– Kvinnerettar er menneskerettar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

OAKLAND, CALIFORNIA: – Eg er her dels for å auke representasjonen av svarte kvinner i offentlegheita. Det er mykje snakk om rase i feminismedebatten no, men det er like viktig å vise at vi er her.

Lauren Frazier er ein av 60.000 som marsjerte i gatene i Oakland for å markere avsky mot kvinnesynet til Donald Trump i samband med Women’s March laurdag 21. januar. Ho trur at dei neste fire åra vil vere dårlege for USA på kort sikt, men at det kan hende det gjer at folk vaknar opp.

– Det er kanskje bra for å auke oppslutnaden til politiske aksjonar i framtida, seier Lauren litt håpefullt.

Pierre Jambet er samd. For han er det òg viktig å vere med på å vise solidaritet med kvinnene som marsjerer for sine rettar.

– Det er avgjerande at menn støttar den feministiske kampen.

Historisk protest
Protestaksjonen, som så langt har resultert i nesten 700 kvinnemarsjar i over 80 land, kjem for ettertida til å bli hugsa som ein av dei største demonstrasjonane i historia.

Ifølgje NRK er det rekna at 2,5 millionar menneske deltok i protestmarkeringane.

I Noreg var det protestmarsjar i Bergen, Oslo og Trondheim.