Kvinnelege «gamerar» legg lettare på seg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mykje er vorte sagt om dataspel frå både forskarhald og uroa foreldre, som fryktar for den mentale og fysiske helsa til neste generasjon.

Sara Thomée ved Gøteborgs universitetet har tidlegare forska på korleis ulike typar skjermbruk påverkar psyken. Konklusjonen var då at hyppig bruk av mobil og data gav større sannsynlegheit for søvnforstyrringar og depresjon.

LES OGSÅ: Ho kan tene 50.000 i månaden på dataspel

Kvinnegåta
I si nyaste studie tok Thomée sikte på å finna ut korleis bruk av data påverka brukarane si vekt.

Nesten 2600 menn og kvinner har i løpet av ein femårsperiode svara tre gonger på eit spørjeskjema om deira datavanar.

I alt 1636 kvinner og 957 menn svara på spørsmål om sine datavanar, som vart sett i samanheng med kroppsmasseindeksen – populært kalla BMI.

Ifølgje Forsking.no viste resultata at kvinner som speler meir enn éin time dagleg hadde større sjanse for å verte overvektige enn kvinner som ikkje gjorde det. Dei i utgangspunktet normalvektige kvinnene som spelte to timar dagleg la i snitt på seg 3,7 kilo i løpet av femårsperioden.

Ein liknande samanheng vart ikkje funne hjå menn.

Andre dataaktivitetar som chat og e-post såg ikkje ut til å ha same effekt.

I utrekninga er det teke høgd for andre risikofaktorar for fedme – som alder, sysselsetting, dagleg tid framfor dataen, fysisk aktivitet, søvn og opplevd sosialt nettverk.

Diett var ikkje ein del av undersøkinga og kan difor vere ei forklaring på forskjellane, ifølgje Thomée, som peikar på at det trengs fleire studiar for å slå fast årsaka til resultata.

LES OGSÅ: Femi-nazi eller eye-candy