«Kvifor er det så vanskeleg å skilje seg ut og vere seg sjølv?»

Anna Sofie Ekeland Valvatne
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Me lever i eit diktatur av normer»

Eg vil tru dei aller fleste er einige i at ein skal kunne kle seg slik ein vil, meine det ein vil, og elske kven ein vil. Men om me veit at me har lov, kvifor er det då så vanskeleg å skilje seg ut og faktisk vere seg sjølv?

I nyhenda finn me fleire historier om folk som kjem ut som homofil til foreldra sine og at dei aksepterer barnet sitt som det er. Dette vert framstilt som «gladsaker». Men om ein faktisk er ein stad der «alle kan vere seg sjølv», kvifor er det då kuriøst at nokon faktisk får vere seg sjølv? Ein skulle tru at i eit så fritt land som Noreg er det heilt normalt å vere seg sjølv, men gong på gong viser det seg at sjølv her er det vanskelegare enn ein skulle tru. 

Eg trur det er fordi samfunnet legg opp til at det å «vere seg sjølv» er det same som å vere «normal». Ein skal vere ein viss type av seg sjølv, og ikkje nødvendigvis den versjonen ein faktisk er. Om norma seier at ein skal vere kristen og heterofil, vil ein kvar som ikkje passar inn i denne boksen verke rar sjølv om denne personen eigentleg berre er seg sjølv. Men om ein prøver å vere nokon andre enn seg sjølv er det nesten verre.

Personleg liker eg å tru at eg er meg sjølv fullt ut. At eg verken bryr meg om kva andre tenkjer eller synest om meg, men det stemmer jo eigentelg ikkje. Om eg er heime hos besteforeldra mine på middag oppfører eg meg heilt annleis enn det eg gjer på skulen, og om eg er med læraren min er eg heilt annleis enn om eg er med vennene mine. Slik er det nok for mange.

Mistolk meg rett, eg veit at me lever i eit av verdas friaste og beste land, men nokon gonger følest det ikkje slik. Me lever i eit diktatur av normer, kjønnsroller og forventningar som gjer det vanskeleg å finne ut kven ein er. Det vert forventa at eg skal oppføre meg på ein viss måte ovanfor nokon, og ein anna måte ovanfor nokon andre. Det vert forventa at eg skal gå med sminke, og at bror min skal gå utan. Ein kan aldri vere seg sjølv fullt ut før alle desse forventingane, normene og kjønnsrollene er vekke. For at det skal skje må det ein strukturell omvelting av dagens samfunn til, og det skjer ikkje med det fyrste. 

Eg trur at me får ta til takke med at alle vert påverka av dei same normene, og at ingen er seg sjølv, men at alle er litt kvarandre.


LES OGSÅ: – Ver deg sjølv!

LES OGSÅ: Ver ven med deg sjølv – og andre