Kven tener mest morosamt?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På tide å ta dekninga av skattelistene eit steg vidare. På tide å gjere det litt meir spennande. Derfor lanserer vi i dag: Skattelistegjettekonkurransen!

Under her står ei liste med spørsmål.

Kor mange av desse spørsmåla skildrar faktiske artiklar om skattelistene i norske nettaviser denne veka, og kor mange av dei har eg funne på sjølv?

Gjett i veg. Lykke til. Her er lista:

– Kven er rikast i Norge?

– Kven er kvinnene som tener mest på bil i Norge?

– Kven tener mest av dei som er på tv i Norge?

– Kven tener mest av dei to som er programleiarar i «Senkveld»?

– Kven tener mest av dei som har vore med i «Skal vi danse»?

– Kven tener mest av dei som har vore med i «Himmelblå»?

– Kven tener mest av dei som har vore med i «Norges rike»?

PRØV DEG PÅ ANDRE QUIZAR PÅ FRAMTIDA.NO!

– Kven tener mest av dei som har vore med i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»?

– Kven tener mest i Tippeligaen?

– Kven tener mest av dei som sitt på benken i Tippeligaen?

– Kven tener mest av dei som dreiv med toppidrett i Norge for ca. femten år sidan?

– Kven tener mest på å kle av seg i Norge?

– Kven tener mest av dei som har kledd av seg på twitter i år?

– Kven tener mest av Marianne Aulie og Helle Vaagland, ho som kledde av seg ironisk på twitter i protest mot Marianne Aulie?

– Kven tener mest av alle dei som kledde av seg ironisk på twitter som ein kommentar til at Helle Vaagland kledde av seg ironisk på twitter i protest mot at Marianne Aulie kledde av seg på twitter som ein hyllest til Demi Moore som kledde av seg på twitter?

– Kven tener mest på kriminalitet i Norge?

– Kven tener mest av Nokas-ranarane, Orderud-familien og jentene som er dømde for narkotikasmugling i Bolivia?

– Kven tener mest av Moland og French?

– Kven tener mest av Nokas-ranarane og Moland og French?

– Kven tener mest av Nokas-ranarane og politiet?

– Kven tener mest av Jan Thomas og kjærasten til Jan Thomas?

– Kven tente mest av dei som var i ganske hardt vêr i media i fjor?

– Kor stor prosent av inntekta til eks-elskarinna til eks-kjærasten til ei svensk prinsesse kom frå Se & Hør?

– Kven tente mest av dei som ifølgje magasinet Elle er Norges mest sexy menn?

– Kven er næringslivsmennene som tener mindre enn mødrene sine?

Løysing:
Ei av desse sakene har eg funne på sjølv. Resten er henta frå norske nettaviser. Kva for ei av sakene som er oppspinn, kan du vel finne ut sjølv, du som er så glad i å leite etter ting på nettet.


Denne saka stod først på trykk i Dagsavisen 23. oktober.