Kven eig vatnet?

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

I Noreg er me velsigna med store mengder friskt, reint vatn: Frå sildrande bekkar og djupe, rolege elvar til det ville vatnet som kastar seg utover fjellsidene i eventyrlege fossefall. Det heiter seg at dette vatnet skal vera allemannseige – men er det no eigentleg slik?

Her til lands er det slik at grunneigarane eig det vatnet som tilfeldigvis har funne vegen gjennom eigedomen deira. Er det eigentleg rettferdig? Vatnet går jo i eit evig krinslaup, og det vatnet som regnar ned på oss i dag kan tilhøyra ein grunneigar i morgon. Og det vatnet som tilhøyrer éin grunneigar i morgon, vil vera nokon andre sitt neste dag når vatnet renn vidare på si evige ferd.

Den private eigedomsretten over vassdraga og dei tilhøyrande fallrettigheitene skaper insentiv for grunneigarar til å byggja ut og tena pengar på vassdraga. Iveren etter å skaffa seg ei ekstra inntekt overskuggar det heilskaplege perspektivet. Det er ikkje ofte ein høyrer om grunneigarar som stiller spørsmålsteikn ved om det er behov for fleire småkraftverk. Det er ikkje mange som etterlyser sumverknaden av alle dei planlagde kraftutbyggingane her til lands, og det er knapt nokon som undrar seg over at alle desse naturinngrepa vert rettferdiggjort av at eit fåtal grunneigarar får ei feitare lommebok. Og ikkje minst – er det rett at privatpersonar skal få byggja ut og tena pengar på vatnet som det vert påstått at skal vera allemannseige?

For det er naturlegvis det som er drivkrafta – draumen om meir pengar. Dei som trur at klimaendringane er drivkrafta bak dagens omfattande kraftutbyggingar i Noreg, har léte seg lura trill rundt av ein grisk kraftbransje. For hadde det vore grunnen, hadde vel energisparing og energieffektivisering vore høgare oppe på den politiske dagsorden?

Det er som vanleg eit pengespørsmål. Det er ikkje fordi Noreg har mangel på fornybar energi. Det er heller ikkje nokon idealistisk visjon om at Noreg skal redda verda med vasskrafta vår som ligg til grunn for kraftbransjen si pågåande rovdrift på naturen. Men det tener godt som agn for å få miljøengasjerte på kroken. Ikkje alle heldigvis, men dei naive miljøengasjerte som vert blenda av det uoppnåelege målet om at Noreg kan forsyna heile verda med fornybar energi. Har dei gløymt kor forsvinnande lite landet vårt er i den store samanhengen? Har dei ikkje tenkt på kor lite det vil ha å seia for verda me byggjer ut kvar einaste vesle bekk i heile Noreg? Og har dei gløymt å tenka på at me kan frigje like mykje energi ved å slutta med sløsinga vår?

Kanskje tida er inne for ein debatt om kven som skal eiga vatnet. Naturomsyn må alt for ofte gje tapt for pengeinteressene. Me har allereie lagt sju av våre ti høgaste fossar i røyr, og to tredjedelar av dei store vassdraga våre er bygd ut – og no står altså dei mindre elvane for tur. Elsertifikatordninga, som inneberer at me som straumkundar skal subsidiera all fornybar kraftutbygging i Noreg, vil gjera det både lettare og meir lønsamt for grunneigarar å byggja småkraftverk. Søknadane står allereie i kø hjå NVE, og konsesjonane vert villig delt ut. I skrivande stund ligg det inne over 800 søknadar – og erfaring tilseier at berre eit fåtal av desse vil verta avslått av NVE.

Eg saknar ein heilskapleg tankegang, eg saknar saksbehandlarar som klarar å sjå at sjølv den minste sildrebekk er ein del av eit stort, men sårbart system. Eg saknar kritiske miljøvernarar som klarar å ha to tankar i hovudet samtidig, som forstår at klimakamp ikkje utelukkar naturvern.

Kanskje tida er inne for å ta tilbake vatnet.

For kva med verdiane som ikkje kan reknast ut med kalkulator? Kva med dei urørte elvane, fossane og bekkefara? Har dei ingen verdi før dei ligg i røyr..?