Tema: Distriktspolitikk, oslo

Kvar tredje Oslo-buar vil flytte

Kvar tredje innbyggjar i Oslo ønskjer å skaffe seg eit nytt liv på landet. Mindre enn 10 prosent ønskjer å gå motsett veg, viser ei undersøking som Sentio har laga for Nationen.

NPK-NTB
måndag 13. august 2012 09.20

Kvar tredje Oslo-buar vil flytte Illustrasjonsfoto: Colourbox

Eit harmonisk liv utanfor byen, med stort hus og betre tid, er det som lokkar ein av tre oslofolk, skriv Nationen.

Blant folk som i dag bur i ei landsbygd, ein tettstad eller ein by mellom 5.000 og 50.000 innbyggjarar, ønskjer høvesvis berre 6, 9 og 10 prosent å flytte til storbyen, ifølgje undersøkinga.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag gler seg over ønske til folk om å bu utanfor byen, men leiar Merete Furuberg er bekymra over småbruk som vert brukte som feriebustader og ikkje som fast bustad.

– Det eg fryktar er at mange av desse ønskjer å kjøpe småbruket og berre disponere det som deltidsbustad om det ikkje er for lang avstand frå by. Det fører i så fall til at jorda ikkje blir driven, seier Furuberg. (©NPK)


Oppdatert: måndag 13. august 2012 09.20
Kommentarar 0