Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar er Noregs mest attraktive?

Prisen skal gå til ein kommune eller ein stad i landet som har utmerkt seg ved å driva kvalitetsmessige og estetiske opprustingar av lokalsamfunnet med mål om å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeida, driva næring i og besøkja.

– Målretta arbeid med stadsutvikling er viktig for å skapa attraktive stader. At staden blir opplevd som attraktiv er avgjerande, både for innbyggjarane og for bedrifter og kommunar. Eg håpar nominasjonsprosessen får fram mange inspirerande døme som andre kan læra noko av, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Juryen vil leggja vekt på at staden har tatt vare på og vidareutvikla eigenarten sin på ein nyskapande og berekraftig måte gjennom god utforming av dei fysiske omgivnadene. Ein ønskjer å sjå gode døme på interessant arkitektur og gode stads- og byplangrep som skaper tettleik og trivsel.

LES OGSÅ: – Fleire burde få augo opp for bygda

Prisen kan delast ut til kommunar og andre aktørar. Vinnaren får 250.000 kroner. Det er ope for alle å levera forslag. Forslaga må gi ei kort skildring av kva som gjer den føreslåtte staden attraktiv, og kva tiltak som har bidra til dette.

Forslag skal sendast via facebook.com/norges.beste.plass. Frist for å levera forslag er 23. februar 2014.

Prisen blir delt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i mai 2014. I 2013 kom det 750 nominasjonar på i alt 358 stader.

Norheimsund var årets mest attraktive stad i 2013, medan Ulsteinvik vann i 2012.