Kva vil skje med nynorsken i 2017?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 6. oktober la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2017. Det inneheld ingen gode nyhende for nynorskbrukarar.

– Regjeringa legg fram eit statsbudsjett som manglar visjonar for nynorskinstitusjonane, heiter det i pressemeldinga frå Noregs Mållag.

– Eit grått kulturbudsjett for nynorskbrukarane, skriv Nynorsk Kultursentrum.

Prioritert liste over tiltak
Nynorsk Forum, som samlar alle nynorskinstitusjonane, sette opp ei samla prioritering i forkant av statsbudsjettet. På den prioriterte lista står auka støtte til Nynorsk Pressekontor, Vinje-senteret, Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) og digitalisering av Norsk Ordbok.

– Ingen av desse tiltaka er tilgodesette. Vi er også sterkt uroa over at Landssamanslutninga for nynorskkommunar ikkje ligg i statsbudsjettet, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

LNK jobbar for meir nynorsk i det offentlege og eig nettsatsingane Framtida.no, Magasinett.no og Pirion.no.

– Dei midlane nynorskinstitusjonane får i 2017, kjem dei til å bruke godt. Nynorsk kultursentrum saknar likevel ei tydeleg nynorsksatsing frå regjeringa som svarar på det overordna målet om jamstilling mellom dei to norske skriftspråka, seier Lodve Solholm, styreleiar i Nynorsk Kultursentrum.

Strid mellom språktiltak
Kulturdepartementet foreslår også å legge støtta til ein del språkorganisasjonar og språktiltak inn under Språkrådet. I dag ligg språktiltaka inne som eigne budsjettpostar. Forslaget får Mållaget til å reagera.

– Å flytta språkorganisasjonane ut på sidelinja gjer at seinare diskusjonar om løyvingane til desse tiltaka blir redusert til ein indre strid mellom ulike språktiltak, seier Gro Morken Endresen.