Kva skal det bli av meg?

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg må berre finne ut av det… No hastar det, må finne ut av det. Herregud er det ikkje snart min tur til å finne ut kva eg skal bruke livet mitt på?
Kva er det eigentleg eg vil, og kven er eg? Kva er det eigentleg eg er god til? Ikkje så veldig mykje, trur eg.
Feil, feil, feil.
Eg passar ikkje til å ha ein jobb, vertfall ikkje denne jobben. Hjelp. Kanskje eg skal ta eit friar, finne litt ut av ting. Friår kan bli bra, ei lita pause.
Feil, feil, feil.

Herregud, friår du liksom. Snakk om å lure seg sjølv, dette studiet er ikkje noko for meg, eg må ha valt feil. Og no har eg ikkje pengar heller, flotte saker.
Feil, feil, feil.
Feil studie. Eg er ein av dei personane som surrar rundt. Ein evig student som latar som eg bruker tida mi til konstruktive ting, når eg eigentleg er deltids-Netflix-student. Eg er ein av dei personane som valde feil, og som kjem til å velje feil igjen.
Feil, feil, feil.
Staten taper pengar på meg, mamma og pappa blir skuffa, eg blir skuffa. Slik går dagane, og dette skulle liksom vere ungdomsåra mine, dei beste i livet? Vel, ikkje i mitt.

Eg trur mange unge kjenner seg åleine med, og får dårleg samvit for, slike tankar. Men det er ikkje lett å vakse opp i eit suksessorientert samfunn, der ein til stadig får prakka på seg at vi bur i verdas beste land, har alt vi måtte ynskje oss og ei unik moglegheit til å realisere oss sjølve. Menneske har stort sett hatt noko eksternt å skylde på, men vår generasjon har berre oss sjølve å klandre.

Difor har eg nokre tankar eg vil dele med deg:

Du kan ikkje feile, berre lære, oppleve, erfare og utforske. Uansett kor mange gonger du skiftar retning her i livet, er eg sikker på du har lært noko på vegen du tok – og kan bruke det til å få det betre i framtida, eller hjelpe andre til å få det betre. Vegen du vel er berre eit rammeverk, eit rammeverk folk er ekstremt opptatt av og vil stille deg spørsmål om resten av livet; Kva studerer du, kva jobbar du med, kvifor valde du det. Og etter spørsmåla kjem dommen, folk vil alltid meine noko om kva du har valt.

Og sjølvsagt speler det ei rolle kva vi vel, vi vil jo gjerne trivast med det vi driv med. Men viktigast av alt, det trur eg er kunstverket du gradvis måler inni ramma. Og heldigvis kan alle slags erfaringar, vonde, gode, rare, vanskelege og fantastiske – passe perfekt saman i eit kunstverk. Kanskje kan kjærleikssorga bli til lidenskaplege illustrasjonar og hoppinga frå studie til studie til kreative abstrakte former? Det er ditt kunstverk, og det er ditt liv.

Vakkert og unikt, uansett kva andre seier eller stemmene inni hovudet ditt prøver å fortelje deg.

LES OGSÅ: "Kva har vi her – ein gorilla?"