Kva inneber det å vera ein god lærar?

Rikke Næss
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

God lærar utan firar i matte

Eg vil bli lærar av fleire grunnar. Mest fordi eg ynskjer å inspirere, lære og bli kjent med menneske. Men óg fordi eg har hatt mange gode lærarar, som er gull verdt og som fortsatt er mine førebilete.

Eg hadde klare meiningar om kva type lærar eg skulle bli. Ein superlærar. Ein god lærar. Men kva vil det seie å vere ein god lærar? Er det ein som er proppfull av kunnskap? Er det ein som er bestemt og streng, som kun fokuserar på at elevane skal ha gode karakterar? Eller er det ein som ser elevane, og som motiverar dei? For meg er sistnemnde noko av det viktigaste. I tillegg til å ha kunnskap då, for det er jo ein grunn til at yrket heiter "lærar".

Likevel skulle det vise seg at det å bli lærar vart vanskelegare enn eg hadde trudd. For eg ville bli grunnskulelærar – og for å bli det må ein ha 4 i faget matematikk. Eg, som mange andre, reiv meg i håret av rein frustrasjon over at éin karakter stengde vegen. Éin mattekarakter – som dessutan ikkje hadde betydd så mykje sidan eg ikkje skulle undervise i matte – gjorde at eg måtte leggja om vegen til den store draumen om å bli ein god lærar.

Må ein vera god i matematikk for å bli ein god lærar? Etter min meining, nei. Når eg tenkjer tilbake på mine favorittlærarar, tenkjer eg ikkje på dei som la ut i det lange om fagområde deira. Eg tenkjer på dei som motiverte meg, gav meg eit klapp på skuldra, oppmuntra.

Sjølvsagt var det viktig at dei hadde mykje kunnskap å dela. Men for å vera ein god lærar og leiar treng ein meir enn berre kunnskap. Å vera ein god lærar handlar so mykje meir om å ha karakteren fire i matte. For det er læraren elevane skal møta i kvardagen, fem dagar i veka.

Læraren har eit ansvar, eit ansvar for å læra bort sjølvsagt, men óg eit ansvar for at elevane skal ha det bra, oppleva meistring og utvikla seg. Å vera lærar handlar om so mykje meir enn å ha kunnskap. Kunnskap er ein viktig faktor i læraryrket, men mine lærarar og førebilete har lært meg at det finst mange fleire faktorar som er viktige for læring.

Eg har funne vegen min – og draumen min er fortsatt å bli ein god lærar. Ein god lærar som er med på å utvikla, motivera og inspirera. Ein god lærar som oppmuntrar og ser kvar enkelte elev. Det å sjå kvar enkelte elev er ein viktig faktor for å oppnå gode karakterar – i alle fall etter mi meining.

Dei gode lærarane gav meg motivasjon – noko som gav meg betre karakterar i faget. Lærarane som såg meg fekk meg til å yte betre. Dei hadde viktige verdiar, verdiar som ikkje kunne målast med kunnskap. Ærleg talt trur eg ikkje dei hadde fire i matematikk – og ærleg talt – det kunne ikkje brydd meg mindre.

LES OGSÅ:  «Skummelt å starta på vaksenlivet»