«Kva gjer du når nazistane dukkar opp?»

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den kjende amerikanske nynazisten Richard Spencer har den siste veka skapt bråk ved å ta plass på politiske konferansar der han ikkje var velkomen. Det har fått fleire til å stilla seg eit spørsmål som har blitt ubehageleg aktuelt: Korleis reagerer me når nazismen er midt iblant oss?

Torsdag blei han vist bort frå Conservative Political Action Conference, fortel NBC News. Søndag skjedde det same på International Students for Liberty Conference, der Spencer ifølgje arrangørane skal ha dukka opp og starta oppheta diskusjonar i lobbyen på konferansehotellet.

Spencer leier den rasistiske tankesmia National Policy Institute, og er ein av grunnleggjarane av den såkalla «alt right»-rørsla. Ifølgje Wikipedia kallar han seg sjølv «identitarian» og avviser nazistempelet, som han har fått etter å ha tatt til orde for «fredeleg etnisk reinsing» og hylla Donald Trump med nazihelsing under ein tale.

Ikkje eit tankeeksperiment lenger
Litteraturvitar Sarah Skwire og økonom Steve Horwitz, som begge var del av programmet på Students for Liberty-konferansen, har i etterkant av hendingane skrive eit blogginnlegg med tittelen «Det er ikkje eit tankeeksperiment lenger». Innlegget er tankevekkjande lesnad.

Skwire og Horwitz byrjar med å visa til det hypotetiske spørsmålet som ofte har blitt brukt for å starta diskusjonar i eit klasserom: «Kva ville du gjort om nazistane dukka opp? Ville du ha gøymt dei jødiske naboane dine på loftet? Kor går dei etiske grensene?»

LES OGSÅ: Tom var nynazist. No jobbar han med førebyggjande arbeid blant unge

Men, som forfattarane peikar på: For deltakarane på konferansen der Spencer plutseleg dukka opp for å spreia ideologien sin, var det ikkje noko tankeeksperiment. Dei måtte med det same ta stilling til korleis dei skulle handla.

Dei kunne ha slått han ned, som ein aktivist gjorde då Spencer marsjerte til støtte for Trump tidlegare i år. I staden tok nokre til motmæle, medan andre sa frå om at han ikkje var velkomen, utan å gå inn i nokon diskusjon. Andre igjen ignorerte heile opptrinnet.

Kva gjer du?
«Me trudde aldri i vår levetid at me verkeleg skulle trenga å vita kva me skulle gjera om nazistar dukka opp på ein av våre talar eller på ein konferanse der me deltok,» skriv Skwire og Horwitz, og held fram:

«Dei som avviser ideane og institusjonane i eit liberalt samfunn har ikkje krav på å bli behandla av andre som om dei gjorde det. Me meiner det er feil å vera den som slår først, men det finst heller ikkje nokon plikt til å behandla nazistar som fornuftige samtalepartnarar.»

LES OGSÅ: Hatkriminaliteten er dobla

Innlegget sluttar med følgjande oppmoding:

«Ikkje spør deg sjølv ‘Kva ville eg ha gjort?’ i den situasjonen. Ikkje spør ‘Kva ville eg ha gjort om nazistane dukka opp?’ Spør deg sjølv ‘Kva gjer du?’ For no om dagen treng du å vita det.»

Nynazismen er ikkje ny
Ein kan innvenda at spørsmålet om korleis ein reagerer mot nynazistar aldri har vore reint hypotetisk. Nynazismen er ikkje ny, og tankegods som liknar det Richar Spencer står for dukkar stadig opp på bloggar og kommentarfelt. Me har også opplevd rasistisk motivert terror på nært hald, og gløymer aldri 22. juli.

Det nye som Spencer representerer, er ein polert nynazisme med intellektuelt skin: ein som talar om etnisk reinsing med heile setningar og akademiske referansar, og som får gliset sitt smurt utover framsida på A-magasinet. Det er med på å gi heile tankegodset ny legitimitet.

LES OGSÅ: Maryam (23) vart utsett for rasisme på jobb. Då tok Nina Lovise (33) affære

Breivik, Fjordman og tradisjonelle skinheads ville aldri ha møtt opp på ein alminneleg konferanse saman med vanlege, politisk engasjerte folk. Ein fyr som Spencer kan plutseleg gjera det. Kva gjer du då?

Slår du han? Ignorerer du han? Tar du til motmæle? Får du han vist bort?

Kanskje finn du ut kva du gjer før du har rokke å tenkja over det.