Kva er det som gjer Belsvik-bøkene til klassikarar?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva gjer ei bok til ein klassikar?

– Det handlar om at små ting som kan gi oss store leseopplevingar, seier Svein Slettan. Han er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder, og har skrive om bøkene til Belsvik i boka Inn i barnelitteraturen.

Den første Dustefjerten-boka kom i 1991.

– Bøkene har levd lenger enn dei fleste andre i norsk litteraturhistorie. Viss det nokon gong blir laga ein kanon over norske barnelitteratur, så vil nok denne koma med, seier Svein Slettan.

Verdas mest forelska par kom i 2001, og i fjor kom den førebels tredje og siste boka i serien om det vesle samfunnet Bløygen og det forelska paret Bidger og Esmiluni. Den første boka blir for tida sett opp av Haugesund Teater og går måndag på scena i Stord kulturhus.

LES OGSÅ: På tide med nynorsk leselyst!

Ikkje alltid fordel
Slettan understrekar at det ikkje alltid er ein fordel å bli stempla som ein klassikar.

– Det kan lett skapast ulike lesekulturar.

– Det er ikkje så lett å seia kvifor ei bok er god, seier Slettan og understrekar at han er opptatt av barnet sine opplevingar.

Slettan meiner god barnelitteratur har element av både gjenkjenning og utfordringar i seg.

Gjenkjenning og utfordring
Bøkene til Belsvik har eit landskap, aktivitetar og menneskelege typar og relasjonar som me kjenner igjen.

– Bøkene fører oss inn i ei leikeverd som me kjenner igjen, seier Slettan.

Men han understrekar at dei òg utfordrar med merkelege ting og mystiske figurar som Berghøna i Dustefjerten-bøkene. Grenseoppgangane mellom dyr og menneske og barn og vaksen kan òg vera med på å utfordra.

Komposisjonen er til å kjenna igjen i eventyrkomposisjonen, at ein må dra ut i verda for å løysa ei utfordring. Men i boka Dustefjerten og den store gullfiskjakta får historia ei heilt ny vending då Kavringreven etter resultatlaus leiting viser seg å ha gullfisken i sine eigne tårer.

– Ein annan sterk kvalitet med fleire av bøkene til Belsvik er bildespråket som fører saman meiningsområde, seier Slettan og tar fram dette dømet:

«Bekken var som eit langt kjølig sjal tvers over sommaren sin mage».

LES OGS: Rune Belsvik: – Nøkkelordet er oppriktigheit

Dialog mellom barnet og den vaksne
Rune Belsvik var sjølv med på Nynorskkonferansen, der han blei intervjua av Janne Karin Støylen. Ho spurte han om korleis han tenkjer at den gode barnelitteraturen kan vera.

– Det stemte ganske godt når eg først kunne kjenna meg igjen i figurane, fortel Belsvik. Til dømes kjenner han seg igjen i Dustefjerten som godt kunne tenkt seg at ting var som dei var.

– Det er jo slik at når ein først har fått taket på å leika i sandkassen, så er blitt for stor for det, kommenterer han.

Belsvik ser på bøkene som ein dialog mellom barnet og den vaksne.

Stordabuen som no bur i Kristiansand røper at han skriv på ei ny bok utan å røpa noko om kva tid boka kjem.

Meld deg på nyhendebrevet vårt som kjem med siste boknytt kvar tysdag!