Kun ti prosent av flaskene du pantar blir til nye

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foreslår ny avgift på plast

Oljeprisen er no så låg at ny plast er billegare enn resirkulert plast. Difor vert panta flasker sjeldan gjort om til nye flasker. Trass i dette vil ikkje regjeringa ha avgift på ny plast.

Kun 10 prosent av plasten i panteflasker blir smelta om til nye flasker, ifølgje NRK. Resten blir til andre plastprodukt som ikkje attvunne, men brent når dei er ferdigbrukt. Årsaka er at oljeprisen er så lag at det no er billegare for brusprodusentane å bruke ny plast enn resirkulert plast i flaskene sine.

I 2014, då oljeprisen var høgare enn no, vart 25 prosent av alle panteflasker gjort om til nye. Dei som driftar pantesystemet i Noreg, Bryggeriforeningen og Infinitum, meiner ei materialavgift på ny plast vil gjere det mogleg å gi opp mot 90 prosent av alle plastflasker evig liv. Dess meir ny plast ei flaske er samansett av, jo dyrare blir den. Ei slik avgift vil difor stimulere til å bruke mest mogleg resirkulert plast, og på den måten blir det mindre behov for å produsere ny plast.

Om ein klarer å resirkulere 90 prosent av alle plastflasker vil det redusere klimagassutsleppa tilsvarande 75.000 bilar i året, ifølgje drikkevarebransjen. Miljødirektoratet meiner at meir bruk av resirkulert plast har store positive effektar for klimagassutslepp, men vil likevel ikkje anbefale ei avgift for regjeringa. Dette fordi dei fryktar meir bruk av glas og metall.

I revidert nasjonalbudsjett for 2017 skriv regjeringa at «det er tvilsamt om ei materialavgift etter innhald av resirkulert materiale vil ha klima– eller miljøeffektar av betydning.»

I dag er det avgift på kvar flaske på 1,17 kroner, uavhengig av størrelse og kva den er laga av. Forslaget er at avgifta skal endrast, slik at resirkulert eller bioplast skal bli avgiftsfri. Og at avgifta anten blir uendra eller dobla på ny fossil plast. (©NPK)