Krympande isbrear kan påverke turismen i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av dei største turistattraksjonane i Nordland, Engabreen i Meløy, har trekt seg 150 meter tilbake sidan 2007, viser målingar utført av direktoratet i fjor haust.

– Det enkle svaret på kvifor dei krympar er at breane får mindre snø på vinteren enn kva som smeltar vekk av snø og is på sommaren, fortel senioringeniør Hallgeir Elvehøy frå Noregs vassdrags- og energidirektorat til NRK.

Alle dei mest kjende isbreane i Noreg har krympa dei siste åtte åra, viser målingane frå direktoratet.

– Dersom tilbakegangen fortset forsvinn isbreane meir og meir frå dalane, og blir mindre synleg og mindre tilgjengelege for folk. Det kan på sikt vere dårlege nyheiter for turistnæringa, seier Elvehøy.

Årleg kjem det fleire tusen turistar til Noreg for å sjå breane våre og drive med brevandring.

LES OGSÅ: Dramatisk krymping av breane