Kronerulling for å betale moms

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prinsippet om at frivillige organisasjonar skal slippe å betale moms ligg fortsatt fram i tid. I alle fall for lag som har eige hus.

Stortinget innførte i 2010 ei momskompensasjonsordning for frivillige organisasjonar, der målet frå starten av har vore at organisasjonane skal få full momskompensasjon. Men ordninga er tilpassa slik at det er store deler av omsetninga til frivillige organisasjonar det ikkje er mogleg å søkje momskompensasjon for, som nybygg, påbygg og ombygging.

– Dette er eit meiningslaust regelverk seier Endre Kleiveland, styreleiar i Noregs Ungdomslag.

Grensene for kva som er fell innanfor ordninga og utanfor er uklare og ikkje minst ulogiske. Å skifte taket på ungdomshuset er mogleg å søkje momskompensasjon for, men å etterisolere taket i same slengen fell utanfor ordninga. Dette er svært uheldig for vår type organisasjon som eig mange hus, fortset Kleiveland.

LES OGSÅ: Ungdomshus på dugnad

Lokallaga til Noregs Ungdomslag eig til saman 250 ungdomshus som blir brukt som forsamlingshus i bygda, både for ungdomslagsmedlemmer og andre. Dei fleste av laga har planar om vedlikehald og oppussing, men må tilpasse planane etter regelverket. Dei verkeleg store påkostningane fell ofte utanfor ordninga for momskompensasjon.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Senterpartiet vil forenkle regelverket.

– Det er ingen meining i at deler av kostnadane ved å drive eit frivillig hus står utanfor ordninga for momskompensasjon. Dette er kostnader som fullt ut er momspliktige. Eg har tatt initiativ overfor Stortinget og vil be Regjeringa endre regelverket.

Vidare seier Toppe:

– Dei frivillige drivne forsamlingshusa rundt på bygda er ofte det einaste huset som er mogleg å drive aktivitet i, og dermed svært verdfulle for lokalsamfunnet. Det er viktig å legge til rette for at slike hus skal kunne utvikle seg og moderniserast.

Kleiveland er glad for at Toppe engasjerer seg i saka.

– Det at Kjersti Toppe frontar denne saka er svært positivt og gjev oss trua på at det me driv med er viktig. Me håper Toppe får gjennomslag i Stortinget og at forskrifta blir endra, avsluttar Kleiveland.

Kjersti Toppe leverte eit representantforslag om saka til Stortinget på torsdag.

LES OGSÅ: Nytt, norsk dansespråk på film