Kritisert for sexy surfevideo

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får kritikk for å vera for sexy

 Denne helga arrangerast surfetevlinga Roxy Pro 2013, verdsmeisterskapet for kvinner i surfing, i surfeparadiset Biarritz i Frankrike. Men i forkant har det vorte fokus på andre ting enn utøvarane sine prestasjonar.

Ein video, som er laga for å promotere kvinneverdsmeisterskapet i idretten surfing, er vist godt over ein million gongar på Youtube. I den nesten to minutt lange videoen er det betydeleg meir kvinnekropp enn sport.

LES OGSÅ: I vinden

Surfar ikkje
Filmen syner kroppen til ei blondine, som ligg i senga i undertyet, kler på seg, kler av seg og dusjar, køyrer til stranda, der ho kler av seg igjen. Ein ser at ho padlar på surfebrettet, men aldri at ho surfar. På eitt minutt og 46 sekund kan ein sjå tolv bilete av rumpa og ingen av andletet eller surfing.

Blondina er surfaren Stephanie Gilmore, fem gonger verdsmeister i surfing, ifølgje Huffington Post.

Fleire har reagert på at den profesjonelle surfaren vert framstilt på ein svært seksuell måte. Surfing er ein sport som i mange år har vore mannsdominert og der kvinnene ofte har fått meir merksemd for kropp enn sport.

– Det er så mange talentfulle kvinnelege surfarar, likevel verkar det som om idrettsutøvarane er nøydd til å verte sexualisert for å klare seg i bransjen, skriv surfar Tia Calvo i britiske The Guardian.

LES OGSÅ: Her er årets verste reklame

Rasande redaktør
Redaktøren i det internettbaserte surfemagasinet The Inertia, Tetsuhiko Endo, er heller ikkje nøgd med måten surfemerket Roxy framstiller idretten på.

– Same kva drit dette er, så handlar det ikkje om sport, og definitivt ikkje om kvinner. Det er latskap og utnyttande marknadsføring, og det er ikkje det beste steget framover for kvinnesurfing, slår Tetsuko Endo fast i The Inertia.

Surfekledemerket Roxy har fått mykje kritikk på sosiale medium som Facebook og Twitter og valde å svare på kritikken på si Facebook-side på følgjande måte:

– Det har openbart vore mykje diskusjon rundt videoen me lanserte nyleg. Me meiner at alle idrettsutøvarar er naturleg vakre, i vatn og på land. Ein treng ikkje vere sexy for å vere idrettsutøvar, og me meiner og at det ikkje er galt å vere ein idrettsutøvar og samstundes vere sexy.

LES OGSÅ: Motbeviser kjønnsmytane

Sjå den videoen i vindauga under, samt ein parodi på videoen nedst i saka.

Sjå ein parodi på Roxy Pro 2013 videoen: