Krise for sjøauren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Norsk institutt for naturforsking (NINA) på sine heimesider. Forskar Bengt Finstad fryktar sjøaura ikkje vil vera fiskbar i Noreg om ti år, om ingenting blir gjort.

LES OGSÅ: Vekst i oppdrettsnæringa no er vekst i miljøproblema

Rekordhøge nivå
– Det har aldri vore så mykje lakselus på sjøauren som i år, seier Finstad til NINA sine heimesider. Han legg til at dei verste resultata fann han i ytre del av Namsenfjorden i Namsos, der det var oppe i 200 lus per sjøaure.

Tala vart nyleg publisert i framtidsrapporten til Mattilsynet, ei oversikt over lakselusinfeksjonen på villfisk i sommar. Rapporten er laga av Havforskingsinstituttet på oppdrag frå Mattilsynet.

– Sjølv om eg har jobba med dette i over 20 år er eg sjokkert over kor ille det er, seier Finstad vidare.

Årsaka til auken kan sporast til oppdrettsanlegg i nærleiken, som har ein negativ effekt på villfisken. Det kjem fram i ei studie gjort av mellom andre Finstad, i samarbeid med irske og skotske forskarar.

LES OGSÅ: Miljøpartiet uroa for villfisken

Foreslår strakstiltak
Tidlegare i år varsla Havforskingsinstituttet om liknande tal – det har ei stund vore klart at denne sommaren har vore ekstra hard for villaksen.

Det vart mellom anna observert lakselusepidemi midtvinters for første gong i Sogn og Fjordane – og publiseringa som kom no er ein førebels rapport. Den endelege rapporten kjem på slutten av året.

Då Havforskingsinstituttet presenterte dei første tala i sommar, vakte det reaksjonar på Stortinget. Nærare bestemt frå Miljøpartiet Dei Grøne, som ville foreslå strakstiltak for å berga villfisken.

Det har ikkje skjedd noko meir sidan den gong frå den politiske sida.

Men noko må skje snart, ifølgje NINA.

– No er det svært viktig at forvaltinga og oppdrettsnæringa går saman om å kartlegga problemet. Det er fare for at sjøauren kan bli utrydda somme stader – i nokre område har det truleg allereie skjedd, seier Bengt Finstad på NINA sine heimesider.

LES OGSÅ: Ti forsøksfisk i minuttet

Korleis angriper lakselusa fisken? Sjå video frå NINA her: